søndag 10. mars 2019

Per Helge Genberg: Å bera nakne nyklar (Roman, sjøvbiografisk)


Eg trudde eg hadde ei diktsamling framføre meg, da eg såg denne vesle boka. Men nei, dette er ein sjølvbiografisk liten roman. Ei vakker lita bok, der forfattaren skriv om livet på garden, om slekta si og om miljøet omkring det heile. Det er visst si eiga historie han fortel. Å vekse opp på gard er ei gåve, men skal du driva garden vidare er det ikkje berre lukke. Det er krevjande, og slitsamt. Og ein må ofre noko. Her møter vi garden og opplevingane sett frå guten og mannen si side.

På garden er bokhyllen fulle av store diktarar.
 "Bergfaste dygder og verdiar; grundig, påliteleg, og ha respekt for naturen og for danninga, knytte dei elles så ulike familiemedlemene i hop;: Tidvis med perfeksjnismen sine trauste  taumar, andre gonger med byrgskapsband."

 Skildringa av den gamle sæterbua er vakker. Ho ligg der åleine det meste av året, men når våren kjem " høyrer ho folk komma, moka seg fram og setje nykelen i den gamle låsen, kjenner det som ei sitring, der glør og veks oi omnen, og nokon treng henne, gler seg over henne. " Om sommaren hender det at folk stig innom og vert der ei stund. "Når dei låser og forlet henne ved nonsleite, er det eitt ho har: At det må skje igjen."
Dette vekker sterke minner fra brandommen min, og vert difor svært kjenslsvart og nært for meg. .

Garden betyr alt. Det er ikkje berre hus og eigedom, men alt som omgjev han. 
"Og eg, som kjenner plantane på skogbotnen og dyra i fjøset betre enn ne g kjenner mennska, byrjar å sjå at det er eg og garden som får den kjærleiken dei fire vaksne ikkje maktar gje kvarandre."

Men mannen treng også kjærleik.Vakre minner om brevet som kom, gavekortet i Konserthuset og restaurantbesøket. " Du let meg vera riddaren som set opp gardinstengenr i stova di." 

Rett og slett ei vakker forteljing som eg kan lesa fleire gonger. Eg liker korte bøker med mykje innhald. Rett i blinken for meg denne dagen.

Vigmostad/Bjørke
2019
64 sider
Nynorsk
Lesareksemplar
.

1 kommentar: