mandag 11. mars 2019

Eirik Ingebrigtsen: Kvit bok Mørk vinter (Roman)

Kvit bok mørk vinter

Isa er ein 14 år gammal gut frå den vesle byen Gjakova i Kosovo. Han bur saman med mora Deborah, stefaren Reza og halvbroren Shkodran. Han er halvt serbisk, da mora vart valdteken i Kososvo-krigen, og resultatet vart ein sønn. Shkodran var da tre år. Reza har aldri godteke barnet heilt, sjølv om han tenkjer på den sebiske kvinna han sjølv valdtok da han var på veg heim, strategisk og målretta. Ein del av krigføringa.

Dei to gutane held no på med vedhogging i fjellskogen bak Cabratiahøgda.  Det er iskald vinter, mykje snø. Dei hjelper dei nede i byen, som frys. Dei er eit arbeidslag på 6-7 personar, og Reza er ein av dei. Arbeidet er hardt, men det hjelper Isa og dei andre til å gløyme kvardagsproblema. 

Reza slit med sterke minner frå den valdelege krigen, nedslaktinga av 371 uskuldige menn over 15 år, som hevn etter at seks serbiske politi vart drepen av ei bombe. Shkodran minner faren på at dei har snakka om dette før. I bønetimene på skolen til og med. "Vi har sett og høyrd lyden av smattande maskingevær og sett video av bestefedrar springa med kalasjnikov over dressjakka, som seier til kameraet at vi blir her til døden, læraren har vist oss det medan vi et lunsj. "  "Og vidare skreiv læraren "Kosovos bein blei farga blodraude" på tavla, medan vi fekk beskjed om å ta opp mattebøkene."

Det er menn og gutar som har sterke krigsminne i hovudet medan dei arbeider i bitande kulde med felling av skog. Dei skal vidare sende stokkane ned fjellsida, slik at den kan kappast opp lenger nede. Dette er farleg abeid, og stokkane kan slå seg på tvers eller falla utanfor den tiltenket løypa. 

Dette er ei dramatisk og dyster forteljing. Krig gjer noko med menneske, og dei vil alltid bere med seg dei vonde opplevingane. Dette kjem godt fram i denne vesle romanen. Den ekstreme kulden og dei tøffe arbeistilhøva for personane i boka, underbyggjer det mørke og triste. Ei uhyggeleg stemning pregar heile romanen. 

Forlaget oktober
2018
122 sider
Nynorsk
Lesareksemplar


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar