mandag 27. mai 2019

Unica Zürn: Sjasminmannen (Roman)



Unica Zürn hører heime som avant-garde-artist. " Som kunstnar var ho langt framme innan automatisk skrift og -teikning, og skaparen av ei underleg, fantasmagorisk biletverd av menneskeliknande skapningar og dyr i blekk. Som romanforfattar skildrar ho erfaringar som ligg svært nære opptil hennar eige liv, som diktar vigde ho seg anagramma: ord og strofer sett saman av bokstavane i ein annan setning, gjerne henta frå ei avisreportasje, eit anna dikt eller ei anna skriftleg kjelde."

I denne romanen, som kom ut i 1971, møter vi ei kvinne som er kunstnar, men ho slit med psykiske vanskar. Ho opplever som lita jente at ho ser ein lam mann sitte i hagen, og ho kallar han sjasminmannen. Denne mannen vert venen hennar og ho kan tala med han. Mange år seinare, i Paris, møter ho ein verkeleg sjasminmann, men han er ikkje lam. Ho er lukkelg over at visjonen er blitt til verkelegheit, men møtet vert for stekt for henne, ho mister grepet på vekelegheita. Plutseleg reiser ho attende til Berlin. Ho førebu ein stor fest, og driv manisk omkring i byen og ønskjer folk til lukke med fødselsdagen. Ho søv ikkje, ho treng ikkje næring, ho ser syner. Vi er med ho i tvangsmessige handlingar og desperasjon, men også i det å vere fri og kunne utfolda seg kreativt. Ho kjenner at ho kan underhalde seg sjølv, også om ho miste vitet. "Dei vakraste, utrolegaste idear byjar blomstre, som sjasminen."
Da ho havnar på Wittenau, ein psykiatrisk institusjon, er ho klar over at ho er på eit galehus, og veit at alle kvinnene der er sinnsjuke.
"Når ho sjølv - i lang tid - har følt at ho har vore hypnotisert av den namngjete sjasminmannen eller hans verkelege, levande avbilde, betyr det at ho har vore galen lenge?" Seinare, på ein ny klinikk, der ein skal fordjupe seg i noko . meditere for å finne årsaka til eit problem, tenkjer ho:
"Er det ikkje mykje lettare for henne å ende livet sitt på ein psykiatrisk klinikk?"
Forfattaren har nok brukt romanpersonen "ho" som eit bilete på seg sjølv og sin situasjon. Ho opplevde overgrep som lita jente og oppvekst i Tysklands nazi-regime på godt og ondt.. Ho miste eigenviljen og sjølvkontrollen. Berre gjennom kunsten vart ho fri. Da partnaren gjennom mange år, kunstnaren Hans Bellmer, fekk slag og vart lam, og difor ikkje kunne ta vare på henne, tok ho sitt eige liv i 1970, 54 år gamal. 

  Unica Zürn, ‘Untitled’, 1965, Ubu Gallery
.

Eg vart så fascinert av Unica Zürn da eg las om henne, at eg måtte låne denne boka. Ei gripande lita bok som eg er glad for å få med meg.  Og eit lite kjennskap til teiknaren Unica Zürn fekk eg også med. Eg har teke med disse to teikningane av henne. Gode eksempler på surrealismen og automatteikning. Meir om forfattaren og det vanskeleg livet hennar Her

Samlaget
2019
132 sider
Oversett av Runa Kvalsund
Omslag, flott laga og svært passande til boka, av Johanne Hjorthol
Nynorsk
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Denne har jeg på vent, er litt spent på den. Leste bio-romanen Unica, og ble nysgjerrig på henne der..

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett