torsdag 16. mai 2019

Wanda Marasco: Kompaniet av dikta sjeler (Roman)

Kompaniet av dikta sjeler

Rosa er forteljarstemma i denne romanen. Ho sit ved mora sit dødsleie, og kjenner på at ho må kjenne mora - og seg sjølv betre. Dette gjer ho ved å fantasera ein dialog med mora, der ho blandar minner frå barndommen med fiktive hendelser. Gjennom dette kjem det  fram ei heil familiehistorie, lagt til Napoli. Etter andre verdenskrig låg Napoli meir eller mindre i ruinar, og mange slit med fattigdom i lange tider etterpå. Vinzseina, Rosa si mor, var ei av dei fattige, men ho valde å gifte seg med den velståande Rafele, trass i at svigermora motsette seg ektskapet.

Her er adelsfamilier som slit med å oppretthalde status og verdi, her er fattigdom og naud. Her er mørke minner om skarpe og gjerrige bestemødre, om svake og veike menn som skyggar unna problema eller druknar dei med alkohol. Her er depresjon på mange vis, og dauden er aldri langt unna.
Vi møter eit klasseskille, som utviklar sterke og handlekraftige kvinner. Vi les om Napolis undergrunn, som gir byen ei mørk og usunn side, her er ikkje mykje vakkert. Svik, sjalusi og vald pregar miljøet mellom dei mangfoldige personane i romanen. Kompaniet av dikta sjeler handlar om unge kvinner som blir mødrer, som får døtrer, for så å bli like vonde mot sine barn som deira eigne mødrer var. Men på tross av overgrep og vondt blod, tek dei vare på kvarandre når dei blir gamle og sjuke.
Marasco har gitt oss enda eit innsyn av byen Napoli, der Elena Ferrante og Rosa Ventrella tidlegare har gitt oss eit manfoldig bilete av denne særeigne storbyen. Ho skriv poetisk malande og likevel svært realistisk. Boka er ikkje berre lett å lesa, da ho hoppar i årtider og generasjonar. Her må ein vere årvaken! Men ei verkelegsnær og gripande bok eg gjerne kan anbefala til andre lesarar.

Samlaget
2019
231 sider
Nynorsk
Oversett av Kristin Sørsdal
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar