tirsdag 1. oktober 2019

Agnes Ravatn: Dei sju dørene (Krim)





Vi kjenner kanskje Agnes Ravatn best som humorforfattar, der ho ironiserer over seg sjøl og andre i samtida. Men allereie i Fugletribunalet viste Ravatn at ho meistra å skrive spennande og gripande med ein mørkare undertone. Eit psykologisk drama om makt, skam og skuld. Med romanen Dei sju dørene, som er ein krimroman, men med mykje psykologi og litterære krumspring, har ho vist seg å vere ein av våre store forfattarar som meistrar fleire litterære kategoriar.

Hovudpersonen er Nina Wisløff, lettare desillusjonert førsteamanuensis i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho er gift med Mads Glaser, overlege ved Haukeland sjukehus. Han driv i tillegg med politikk og er helsebyråd. Dei har dottera Ingeborg, som også er lege, og det same er Mads sin bror. No har Mads vore med og bestemt at bybanen skal gå der huset deira ligg, noko som fører til at dei må finne ein annan stad å bu. Det vert mange diskusjonar mellom ekteparet, og da dottera har fått skjeggkre i si lelighet, vert det boligjakt med forviklingar. Leigebuaren i eit hus dei nyleg har arva, Mari,vert tøft kasta ut, utan særlege kjensler overfor koss ho får det. Det er Ingeborg som er den hardhuda og røffe her. Samstundes har Nina vore noko sleivkjefta i eit intervju, der ho seier at politiarbeid høver best for litteraturvitarar, da dei kan leve seg inn i andre menneskje, betre enn dei som ikkje les bøker.  Og ho føreles for tida om lukke og ulukke og undergang, noko dei greske tragediene er fullspekka av. Her er begrepa "hamartia", der ulukka ramma ein på grunn av eigne feiltrinn, og"hybris", overmot, aktuelle.
Da det kort tid etterpå viser seg at leigebuaren, som vart kasta ut, er forsvunnen, sett Nina i gang leiting etter henne, mest på grunn av samvetskvaler. Ho tek etter kvart kontakt med Kaia, venninna som er psykolog for å lufta mistankane sine om kva som har skjedd. Det vert mange spekulasjonar og konfrontasjoner, der ei dagbok som Mari har etterlete seg, inneheld mystiske signal. Her vert både psykoanalytikaren Freud og eventyrforfattaren Charles Perrault trekte inn, og viser veg til kva dei sju dørene skjuler. 
Ein spennande og innfløkt sak, der løysingane ikkje akkurat fell lett på plass. Her er vi midt inne i ein middelklassefamilie med sine konflikter og vanlege kvardagar, men godt iblanda intrigar frå franske eventyr og greske tragedier. Velskreven som vanleg, og underfundig humor ligg og lurar gjennom heile romanen. Slutten er heilt i tråd med historia, underfundig og urovekkjande. 

Samlaget

2019
249 sider
Nynorsk
Kjøpt og signert av forfattaren

1 kommentar:

  1. Jeg leste ferdig nå, og ser at vi her hjertens enig om denne!

    SvarSlett