søndag 6. oktober 2019

Bjarte Samuelsen: Dagane utan namn (Roman, drama)

Dagane utan namn
Fra forlaget: "Ivar skal bli far for første gong, men minna om hans eigen far veltar opp i han då guten blir fødd, og han torer ikkje å halde i sitt eige barn. For å meistre farsrolla må han forsone seg med sin eigen barndom. Han må attende til den sommaren far hans skal lære han å køyre båt, men faren ber på ei stor sorg og har andre planar. Finst det noko anna enn ein mørk lagnad når han møter far sin att i dagane utan namn, den sommaren på hytta då alt brått endra seg?"
Dette er en uhyggelig, dramatisk historie om en ung mann som har hatt opplevingar i barndommen som aldri har slept han. No har han fått ein liten son, som skal døypast snart. Han maktar ikkje å vere den faren han skal vere. Han tek ikkje ansvaret det er å bli far. Etter kvart som det nærmar seg dåpsdagen, rotar det seg til inne i hovudet hans, og han vert berre opptatt av faren og den dagen da han forsvann på havet. Han tek med seg kona si og den vesle sonen til hytta, der han var saman med faren som gut. Det er ein storm på gang, og det byggjer seg opp til eit drama.

Ei bok eg ikkje likte å lese, for dette blei så vondt og så sjukt. Men menneskje med djupe traumer er ikkje godt å lese om. Rett og slett ei tragisk historie. Godt skrive, med eit sterkt språk som gjer hendingane truverdige og sterke.

Samlaget
2019
157 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

1 kommentar:

  1. Det er spesielt å lese vonde bøker som er godt skrevet, takk for flott omtale!

    SvarSlett