lørdag 29. februar 2020
Helga Songøygard Battin: Rosehagtornen (Roman)
Fra forlaget: Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn. «Rosehagtornen» er ei smart, morosam og sår forteljing om å bli vaksen.
Eg er ikkje samd i at dette er ein morosam roman, for eg fann ikkje mykje humor her. Mest trist. Det handlar om to unge menneskje, dei er sambuarar og er i ferd med å innrette seg i vaksenlivet. Dei er har nokre ideal, dei er vegetarianarar, slik tida krev det no, og Adrienne trenar titt og ofte. Tilia er meir eller mindre umogen og verkelegheitsfjern. Det er til å bli irritert over. Mor til Tilia vil gjerne ha barnebarn, noko Tilia ikkje vil imøtekoma henne med, trass i at Adrienne ønskjer barn. Ho vil ha eit tre, ein hagtorn. Men da denne kjem i hagen, gidd ho ikkje vatna han, slik at treet får sjukdomar . Han har piggar, slik som Tilia har. Eg lurer på kor lenge disse to jentene klarer å halde saman.
Dette vart noko for banalt for meg, eg får ikkje tak på personane , som blir vage og lite sympatiske. Synd, for intensjonen om å samanligne planter og menneske er interessant.
Samlaget
2020
234 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Likte coveret på denne romanen, synd den ikke falt i smak. Er spent på hva du synes om Faldbakken :)
SvarSlett