fredag 13. mars 2020

Ellen Kristvik: Notat ved avgrunnen (Personlig beretning)

Notat ved avgrunnen - Ellen Kristvik
Dette er ei av dei mest gripande bøkene eg har lese på lenge. Ei mor si historie om ei elska dotter som vel å ta livet sitt. Berre 24 år. Ellen Kristvik fortel om dottera, frå ho er født, gennom barnehage, skole og vidare, med venner i hopetal. Joanna var ei aktiv jente som levde eit innhaldsrikt liv. Ho var svært samfunnsengasjert, oppteken av rettferd og miljø. Særleg var ho oppteken av flyktningesituasjonen i verda. Ho hadde ein stor arbeidsapasitet, busette seg i okkuperte hus for å syne solidaritet med dei som har lite eller ingenting. Ei flott jente med høge ideal. Men nettopp det at ho ville så mykje, vart kanskje det ho ikkje klarte å takle. For ho sleit med depresjon og angst innimellom.  
Boka er ei både ei sterk kjærleikserklæring og ein søken etter å finne meining i livet etter å ha mist den ho elska mest av alle. 
" Eg har fått oppleve kjærleiken. Det er meg gitt. Det har eg å ta vare på. Ho lærde meg å elske det eg ikkje eigde. De er ikkje mi formulering, men den går rett heim i meg. De var det som skjedde. Ho lærte meg å elske det eg ikkje eigde."
Boka har mange kjente sitat, songar og vers, slike som Johanna likte, og som mor og dotter song saman. Siste jula dei var saman song dei Joni Mitchells River saman. 
"I wish I had a river I could skate away on
I wish I had a river so long."
Ei bok om ei vanskeleg tid, der ei desperat og sorgtyngd mor stiller spørsmål om korleis og kvifor dette kunne skje. Ei lita bok ein ikkje vert ferdig med på lenge.
Samlaget
2020
136 sider
Nynorsk
Lånt på bibliotekekt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar