søndag 29. mars 2020

Erlend Skjetne: Skare (Artemisias diktutfordring mars )

Skare

I mars skal vil lese dikt skrive av ein debutant, og da fann eg denne, skrive av trønderen Erlend Skjetne. Han debuterer med denne diktsamlinga, og den vart nominert til Vesaas`debutantpris i 2019.
Forutan å være medlem i Norske kvener Midt-Norge, har Erlend Skjetne gjort seg bemerka i kvenske kretser som foredragshaldar om Lars Levi Læstadius.  

Men Skare er ei poetisk samling dikt der natur og menneske er hovudtema. Det starter med at dei to, ei kvinne og ein mann, går inn i eit gamalt hus:

Inn
Huset er svart, 
med ein dier gardsplass
der snøen har hopa seg opp.
Vi må vada gjennom han
for å kme til døra.
Nøkkelen ligg under matta,
frosen fast i planaken.
Wg riv han opp.
Du opnar døra.
Vi går fra rom til rom
og tenner lyset.

Dei flytter inn, spelar kort om kveldane, høyrer grannen fortelle gamle historier om huset.

Rutine
Kvar kveld, før v legg oss,
stpr du ei stund på trappa.
Kanskje kviskrar vinedm, so alf\dri søv,
ein fktig kyss på kinnet ditt?

Vinteren er mørk, tunge stunder, harde arbeidsdagar, der sola er ei slegge.
Men så kjem våren:

Vev
April, den enkel gleda
ved å plukke vekk dei varme kleda-
endå ein veit det er for tidleg,
at mange morgonar enneo skal demre
med frost i graset. 
Vi betaler villig
med eilita forkjøling.

Når midnattsola lyser om natta stengjer ho den ute med gardiner. Hagen er fulle av ville blomar, ho vil ikkje slå graset. Blomane skal plukkast. Dei går og ser på fossen, dei er i fjæra. Dei ser på fuglane. Så kjem hausten:

Ætt
Augo dine er fanga fuglar.
Du ever i fluktplanar, 
men stiler ikkje på
at dei vil kunne berga deg.
Enn så lenge blir du her
 i stilla hjå meg.

Ei nydeleg samling dikt som verkelge sett seg fast. Får så mange bilete av dei to og naturen rundt dei. Som alltid når eg les dikt, må eg lese minst to gonger. 


 Flamme forlag
2019
80 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

4 kommentarer:

  1. Så bra!
    Jeg har funnet fram en diktsamling, så jeg får se å lese den!
    Ha en fin uke og håper dere er friske!

    SvarSlett
  2. Så fint. Har ikke hørt om han her. Flott bidrag, er glad du fortsatt henger med:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg har ingen planer om å hoppe av, så jeg henger med! Fint å bli påmint om at vi skal lese variert, også dikt.

      Slett
    2. Veldig bra! Jeg fikk en diktbok i posten i dag som jeg skal lese, den er kortere enn den jeg opprinnelig valgte, og da er jeg kanskje i mål før april. Bare jeg slår av nrk.sendingen--- Interessant å følge pressekonferansen, men nå er den jo ferdig.

      Slett