mandag 6. april 2020
Erlend Kaasa: Men ikkje Maria (Roman)
Ekteparet Gro og Palle har avgjort at dei vil engasjere au-pair til den vesle dottera si, Dagne. Palle har nettopp byrja i pappapermisjon , og ser fram til å bli betre kjend med dottera, og Gro gleder seg til å koma ut i arbeid att. Maria frå Albania kjem, ei stille og beskjeden dame, som held seg for seg sjøl når ho har fri. Ho har eigen leilighet i kjellaren. Ein sjeldan gong blir ho invitert opp til vertskapet, men det blir berre kunstig for alle partar. Men ho er flink med barnet, og knytter seg lett til Dagne.
Gro får ny sjef, og reiser stadig på kurs og møter i jobbsamanhang. Palle aner at det ligg noko meir i dette. Forholdet er på bristepunktet. Maria er alltid der, vartar opp og gjer det hyggeleg når Gro er fraværande. Etter kvart blir besøkene til leiligheta i kjellaren oftare enn planlagt.
Men det viser seg at Maria har løyndomar, mykje større enn forventa, og Palle får store vanskar med å redde situasjonen.
Boka er bygd opp i tre-fire hovuddeler (har ikkje oversikten over kor mange, da eg les som ebok) og kapitler. I begynnelsen av kvar hovuddel les vi om Maria som lita jente og om hennar bakgrunn, og bakgrunnen for at ho søkjer au-pairjobb i utlandet. Det byggjer seg opp mot ei historie som liknar meir og meir ein kriminal. Eg vart fanga av forteljinga, og klarte ikkje å legge frå meg boka før ho var ferdiglese.
Samlaget
2019
374 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er deilig å lese om bøker, og nå har vi mer tid til å lese i det hele tatt. Takk for tipset ditt.
SvarSlettHilsen deg. Viola
God påske til deg! Det er vel vårlig i Tyskland nå. Her gikk det snøskurer idag, men plena vokser og vårblomstene står i knopp under snøen.
Slett