søndag 19. april 2020

Maren Uthaug: Der det finst fuglar (Roman)

Der det finst fuglar
Maren Uthaug er født i Norge, men flytta til Danmark som lita jente. Denne boka handlar om hennar eiga slekt, slik ho har høyrd historiene fortalt frå dei eldste i familien. Handlinga i romanen er lagt til i mellomkrigs- og etterkrigstida, og vi er på Ørlandet og Kjeungskjær fyr, som ligg omlag tre kilometer frå land.
Historia er fortalt gjennom tre karakterar, fyrvoktaren Johan, kona hans Marie, som er prestedotter, og dottera deira, Darling. Tre historier som viser kor lite ein veit om kvarandre, og kor mykje ein skjuler eller held for seg sjølv, også i nær familie.

Johan og Marie gifte seg nærmast i all hast, av ulike årsaker, og flytter ut på fyret. Men begge har tankane og hjarta sine langt borte, og livet vert ikkje som dei håpa på. Dottera vert født knappe ni månader seinare, og etter kvart kjem ein son, som viser seg å vere sterkt funksjonshemma.  Johan har ingen kjensler for dei, og held seg i toppen av fyret det meste av tida, Marie reiser helst inn til fastlandet, der ho liker seg best. Dottera finn sine eigne vegar, sjøl om ho vart mobba som barn er ho sterk. Alle lever eit liv dei ikkje ønskjer, noko som fører til store konsekvensar. 

Ein roman som fortel om kva sterke drifter og tapt kjærleik kan føre til. Med eit bakgrunnsteppe av eit tøft vær og isolasjon ute i havgapet, fortel Maren Uthaug om tabuar og opprørande handlingar på ein usentimental måte slik at lesaren vert riven med. Språket er rått og direkte, ikkje heilt utan humor. Dette likte eg godt, og les gjerne meir av forfattaren!
Samlaget
2020
332 sider
Oversatt av Ingvild Holvik
Lese som eBokBib

4 kommentarer:

  1. Denne har jeg også lest, og jeg likte den godt. Fin påminnelse om hvor mye verden har forandret seg på hundre år :)

    SvarSlett
  2. Denne har jeg lest mye bra om og din omtale frister.

    Jeg fant den på Allbok :)

    SvarSlett
  3. Det er spennende med forfattere som tar for seg egen slekt. Jeg fikk lyst til å lese den. Godt den er på Allbok nå når biblioteket er stengt :-)

    SvarSlett
  4. Jeg har stort sett bare lest bøker på eBokBib de siste to månedene. Så bra at vi har disse mulighetene!

    SvarSlett