tirsdag 20. oktober 2020

Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov (Roman)



Dette er romanen om den autistiske Benjamin, og familien rundt ham. Han har ikkje fått institusjonsplas, noko det er behov for, men bur heime hos tanta, Rakel. Mor, Lea, er utsliten og utan evne til å ha han heime hos seg. Besteforeldra til Benjamin har ikkje hatt særleg mykje kontakt med han dei seinare åra. Dei tek seg mest av borna til dottera, Linda, søstra til Rakel og Lea. Rakel er sterk og pliktoppfyllande.

Vi les om kvardagene i familien, der Benjamin blir den sentrale. Han får fram ulike sider av familiemedlemmane. Rakel er sterk og pliktoppfyllande, slik at det kan bli i meste laget for både henne sjølv og dei andre. Lea har alltid vore noko lettvint, og ansvaret med ein krevjande unge vert for stort. Linda er veslesøster som meiner ho vert sett tilsides. Lea samanliknar seg og storesøstra Rakel med Marta og Maria i bibelsoga. Marta gjer arbeider, medan Maria sit ved Jesu føtter. Likevel er det Maria som blir framheva av Jesus.

Vi ser historia frå alle medlemmane i familien si side. Her er små daglege konflikter sett opp mot kvarandre, og vi vert kjende med ein familie som slit.

Det byggjer seg opp mot eit klimaks da Rakel ein dag ikkje er heime når Benjamin kjem saman med assistenten sin frå avlastingssenteret der han er om dagane.

Eg har lese at dette er humoristisk og alvorleg roman, men eg finn ikkje humoren. Eg vert berre utruleg lei meg for situasjonen til heile familien. Dei er berre hjelpeslause og frustrerte. Særleg er dette kanskje fordi dette er så nært min/vår kvardag med ein autistisk gut som krev mykje av mor si, der behova ikkje vert dekte fra samfunnet si side, og alle kjenner seg hjelpelause. Utruleg tungt å lese denne boka.

Samlaget
2020
191 sider
Prøvebok, ikkje korrekturlesen frå forlaget

1 kommentar:

  1. Flott omtale Åslaug! Jeg har også lest boken, og tenker at det er situasjonene de ofte befinner seg i som har et snev av galgenhumor over seg, men er enig med deg, at situasjonen er utrolig kjip :)

    SvarSlett