mandag 1. mars 2021

Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender (Roman 2021)


"Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra?"


Lotte studerer musikk med klaver som instrument i Wien. Ho er vakse opp med ein noko fråværende far, etter at mora døde tidlig. Pianolæraren Jakob Lakatos har vore hennar faste holdepunkt i alle år.  Ho satsar no på musikken, skal reise og spele. På musikkkonservatoriet skal den eleven som skal vere solist ved den store Vårkonserten peikast ut, og Lotte trur ho er sikra denne oppgåva. Men da medstudenten Si Yun får solistoppgåva, fell alt i grus for Lotte. Li Yun stiller spørsmål om Jakob sin integritet som musikar,  og viser Lotte  eit avisutklipp der det vert stilt spørsmål om kven Jakob var. Kvifor oppga han karrieren sin så brått, flytta til Norge og byrja som pianolærar?
Lotte ønskjer å finne ut meir om Jakob, og vil skrive oppgave om han, og samtundes arrangera ein heiderskonsert for han. Jakob fekk store vanskar med synet allereie som ung, og Lotte har meint at det dette som har ligge bak avgjerden hans. 

Lotte reiser til Ungarn, der Jakob var født og vaks opp under strengt kommunistisk styre og oppsøker ekskona hans i leiting etter fortida. I Ungarn møter kjærasten hennar, Christof opp.
Lotte har vore prega av oppveksta, saknet etter mora, og slit i eige kjærasteforhold. Det vert lett misforståingar mellom henne og Christoph, som er filosofistudent i Wien, men det lette humøret hans er avgjerande for henne. 

Dette er ein roman etter min smak. Musikken er hovudtema, kjærleiken til musikken og musikarmiljøet er fint omtala. 
Den mørke delen av historia, der tilhøva i eit lukka samfunn, der overvaking og mistenkjeleggjering framleis var daglegdags fram til nyare tid, er truverdig.

Det handlar om draumar og om å gjere vanskelege val. Om det alltid er rett å grave i hendingar frå fortida.

Sunniva Relling Berg har skrive ungdomsbøker tidlegare. Eg tenkjer at denne romanen vil  passe for yngre lesarar også.

 
tinesundal har lese boka også.

Samlaget
2021
336 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. Å ja, sant denne var fin?! Jeg er veldig glad i romaner som har musikk eller kunst som rød tråd. Litt artig var det at jeg da jeg leste denne, tilfeldigvis leste to andre, helt forskjellige bøker, som også hadde sitt utspring i Østerrike :)

    SvarSlett