søndag 25. april 2021

Katrine Sele: Einars bok (Skildring) 2021


Frå forlaget
: " Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.

Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt. Dette er ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde.

Det er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste."

Historia er fortalt av journalist og forfatter Katrine SeleHo er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen.

Det er i utruleg trist og utruleg vakker historie Sele fortel. Den vonde tida for familien frå dei får diagnosen til vesle Einar fram til dei mister han, er skriven på ein så fintfølande og innlevande måte at lesaren kan kjenne sorga deira. Men samstundes klarer ho å vere den som ser sorga og kjenslene til alle som kjenner Einar, både barn og vaksne, på ein objektiv måte, slik at det vert ei bok som viser korleis sorg og tap kan gi krefter til å gå vidare. Det er sterkt å lesa om korleis familien bruker minnene om vesle Einar til styrke for dei to gjenlevande søskena i tida etter tapet. 
Eg las gjennom alle kjeldene i slutten av boka, noko eg anbefaler til alle å gjera.  Her kjem det fram korleis forfattaren har samla informasjon, ikkje berre frå foreldra, som er sentrale heile tida, men også fra familie og barnas venner, filmsnuttar og frå litteratur.

Ei bok eg gjerne anbefaler til alle, for her er det ikkje berre sorg, men også mykje glede.

Samlaget
2021
217 sider
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Det er rart hvordan det går an å skrive om stor sorg, og samtidig vise "baksiden" altså gleden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne boka var svært velskrevet, og kanskje bra at en journalist skriver historien, ikke en av familiemedlemmene. Tror det kan være godt at noen som ikke er direkte berørt er formidleren.

      Slett