lørdag 20. august 2022

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Eg blir her (Ungdomsroman)


"Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne?Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?
Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kan han ikkje vere meir til stades for ho i staden for å leve i fortida?
Vi følger Oda gjennom nokre dramatiske dagar der ho strevar med å akseptere faren si rolle som bygdeoriginal, samtidig som ho prøver å finne ut av kjenslene sine for kjærasten Sondre og Daniel."

Dette er virkelig ei vakker historie om ungdom, for ungdom.(Og for ei bestemor også). Det er ikkje berre lett å vekse opp med ein far som ikkje er heilt innanfor normalen, han saknar kona si, som døyde av kreft for flere år sidan, han er kunstnar og elsker musikk, og driv ein liten privat pub. Oda arbeider på hotellet i bygda om sommaren. Kjæresten Sondre bur på andre sida av fjorden, og kjem med ferga for å møte henne om ettermiddagene. Ho liker godt å vera saman med han, men kjenner eit  press om å gå lengre i forholdet, noko som gjer henne usikker. Når Daniel kjem til bygda på sommarferie, vert kjenslene hennar uroa, han dukkar alltid opp der ho er, og irriterer henne. Men er det andre kjensler også? 

Det handler om ein fase i ungdomstida der ein er skvisa mellom å være barn uten eige ansvar, og å verte vaksen og må ta viktige avgjerder for seg sjølv. Det er dette forfatteren så meisterleg får fram. Trur at mange unge kjenner seg att, både i forhold til å takle føresette som drikk mer enn ein liker, og i forhold til forelskelse og samliv. Men det handler også om eit viktig tema, å bu på landsbygda, i "utkanten" av landet. Her ein er mellom anna avhengig av ferger, også når alvorlig sjukdom skjer, og det handler om liv eller død. Eg har budd på Nordvestlandet ein mannsalder, og kjenner slike tilhøve godt.

Ein ungdomsroman som tek tak i mange viktige emne, skrive med godt og lettfatta språk.

Samlaget
2022
156 sider
Eige boksamling

2 kommentarer:

  1. Flott omtale Åslaug, og jeg er hjertens enig i det du sier, dette er en nydelig roman på mange måter :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for nydeleg omtale. <3

    SvarSlett