mandag 7. november 2022

Trude Tjensvold: Raud Volvo 2022 Ungdomsroman (Tegneserie/tekst)

 

Tjensvoll er både forfattar og illustratør av denne boka. Ei bok for ungdom.

Vi møter Jenny og venninna Ann-Sofi, som har vore bestevenninner frå første klasse. Nå synes Jenny at ho har forandrea seg, ho trekker seg unna og er fråværande når Jenny tek kontakt. Kroppsleg har ho utviklea seg mykje, medan Jenny framleis er barnsleg i både kropp og sjel. Ho er mest opptatt av natur og fuglar.  Ann- Sofi røyker og held saman med dei store gutane. Men nå ønskjer også Jenny å bli meir vaksen, og få være med dei tøffaste gutane som øyrer bil, slik som Ann- Sofi. Men vala ho tek for å bli med er ikkje dei beste.





Det handlar om vanskelege val i perioden mellom barn og vaksen. Val som kan være avgjerande for heile framtida. Det handlar om grensesetting og det å vågeå ta eigne standpunkt. 
Ei  lita bok med eit tøft og viktig innhald. Ein miks av tekst og billetbok som er lett å lesa. Så avgjort ei bok eg tenkjer vil passe unge tenåringar. Julegavetips. 

Samlaget
2022
159 sider
Tekst og illustrasjoner ved Trude Tjensvoll
Gave fra min datter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar