mandag 2. januar 2023

Margaret Atwood: Kjære vene 2021 (Dikt)

 


Vi kjenner Margaret Atwood best som romanforatter, men ho har skrive noveller, dikt og essays i stort omfang. Dette er den trettande diktsamlinga hennar.
 
Ei mangfoldig samling dikt.  Atwood har reflektert over livet, tida og det som skjer, og til alderdom og død. Her er det dikt om demente katter, om sex, om Frida Kahlo. Mange av dikta er tonesett, mellom anna fleire dikt til ein syklus "Songar for myrda søstrer", en songsyklus skrive for songaren Joshua Hopkins i respekt for hans eige myrda søster. 

Vi les om ei verd i brann, med droner og øydelegging, om oppdaterte varulvar og om zombiar. Fleire dikt tek for seg miljøet og endringane for fuglar, dyr og barnet som skal leve vidare. Om framtida. Det kjem ho attende til gjennom dikt som handlar om alderdom, sakn av vener som er borte.

Ikkje lett å velge eit dikt som ein smakebit her, men tek eit utdrag frå dikt om ulven, som det er fleire av:

Ulvens mareritt inneheld bilar,
lange nåler, munn korger av jern,
tronge bur med kraftige stenger,
skapningar som lukter som deg.

Ulvens gode draumar, derimot,
handlar om endelaus taiga,
hi grave t under steinar,
Haltande og dumme reinsdyr,
med sine fine knoklar.

Diktsamlinga er delt inn i fem større grupper. 

Fanfare forlag
2022
124 sider
Gjendikta av Anne Karin Torheim
Lånt på bibloteket

1 kommentar:

  1. Godt nyttår Åslaug! Så fint å begynne det med diktsamling fra Atwood. Jeg liker henne like godt som novelle- og diktforfatter som romanforfatter. Jeg har ei barnebok som hun også har skrevet - og illustrert selv. En fantastisk allsidig forfatter som troner helt øverst på listen min av favoritter.

    SvarSlett