lørdag 1. april 2023

Leander Djønne: Oskespiralen 2022 Roman


Frå forlaget:  "Ru nevar heldt stramt rundt sleggjeskaftet. Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. Han høyrde til her. Ikkje der ute som fjorden opna seg. Her inne var det. Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho." Sonen har sona straffa si, han ynskjer hemn. Broren leitar etter ljos og frelse. Faren byggjer gravhaugar. Mora ropar frå dødsriket. "Oskespiralen" er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. I Leander Djønnes særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med nådelaus kraft.

Nådelaus kraft, ja, det kan ein seia. Eg vart driven inn i romanen etter berre nokre sider, og klarte ikkje å legge den bort. Dette var sterke saker. Ein mann som finn seg eg kone ved å bryta ho ned frå første dag, tvillingsøner som vert hundsa på det verste, medan dei høyrer mora sin gråt. Gutane, som gjennom romanen vert kalla Sonen og Broren, ha hatt ein oppvekst som har merkt dei for livet. Men som vaksne skil dei veg. Sonen har arva mykje av faren sitt sinne, Broren har satsa på Gud. Faren drep mora, brutalt, men ho lever i naturen og steinane omkring garden. Sonen høyrer at det ropar frå fjellet: Kom heim. Dei no godt vaksne brørne køyrer til den avsidesliggjande heimen. Men heimen er ikkje der, garden er steina, bostaveleg tala. Faren held på å utsletta alt og seg sjølv. Lagnaden har skild dei som vaksne, men da dei står på garden i vind og regn, og det buldrar i fjellet over dei, er det berre tid for hemn. 

Djønne skriv på nynorsk slik som ein berre kan gjera når eit slikt "landskap" skal skildrast. Språket er som hogge inn i fjellet som ligg over fjorden. Dette er noko av det sterkaste og mørkaste eg har lese på lenge. Ikkje overraskande at han fekk Lytternes lesepris i NRK. 



Forlaget Oktober
2022
217 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. Jeg ønsker deg mange glade timer med lesing i april og nyt å beundre de første vårblomstene.
    En uke på Gran Canaria i mars var en veldig god avgjørelse.
    Alt godt til deg fra Viola.

    SvarSlett