tirsdag 13. januar 2015

Ruth Lillegraven: Mellom oss


Mellom oss - Ruth Lillegraven



Dagny og Jacob er aktive med motstandsarbeid i Noreg under 2.verdenskrig. Dei blir kjærestar og får sønnen Svein. Men i 1972 reiser han plutseleg til Chile, og der forsvinn alle spor etter han. Foreldra og ein gravid kjærast, Rannveig, sit igjen uten å skjøna kva som har skjedd. Dette skal prege familien i lang tid framover

Foreldra til Svein tek seg av Rannveig, og da ho får dattera Tonje, blir ho nært knytta til besteforeldra i oppveksten. Men no er Tonje i Oslo, derr ho jobbar som prostituert. Rannveig føler at ikkje alt er så bra med Tonje, og da ho får et tilbod om å være med å byggja opp att eit hotell på den gamle heimstaden sin, klarer ho å overtala Tonje til å bli med.

Dette er ein familie der alle har noko å skjule for kvarandre. Handlinga veksler i tid fram og attende alt etter kven vi møter. Kvifor reiste Svein til Chile og aldri kom heim? Har det hatt noko med foreldra sine handlingar under krigen å gjera? Kva skjedde eigentleg da? Tonje har eit nett av løgner som etter kvart raknar. At tidsrommet strekkjer seg frå krigen fram til i dag, gjer at dette i tillegg til å være ei familiehistorie også er ei historie om samtida. Det ligg mykje skjult som kjem fram etter kvart i etterkrigstida.

Det er ein roman om motstandsrørsla, om det å vere åleineforelder, om abort og prostitusjon. Det handlar også om svik, sakn og traumer. Men det viktigste er kanskje at det handlar om vilje til å rette på feila, og rette opp att tilhøva mellom generasjonane.

Eg likte boka svært godt, og vil så absolutt følgje Ruth Lillegraven vidare, både som poet og romanforfattar.

tiden norsk forlag
2011
248 sider
nynorsk

 

3 kommentarer:

  1. Fin omtale, den så interessant ut. Jeg har ikke oppdaget den før.

    SvarSlett
  2. Denne boken har jeg nettopp lest selv, og som med det andre Lillegrven skriver, ble jeg veldig begeistret. Likte godt måten hun skildrer Tonje som prositutert, og tankene rundt mor/datterforholdet.

    SvarSlett
  3. Hihi! Fortet meg å scrolle nedover for å se avslutningen, og kunne puste lettet ut! Jeg liker denne boken inderlig godt, selv om årene har gått og minnet forsvinner mer og mer. Ekstra fint hver gang noen tørker støv av den med blogginnlegg.

    SvarSlett