mandag 5. januar 2015

Trude Teige: Havet syng

Havet syng


Dette er ein historisk roman, og ei kjærleikssoge frå miden av 1800-talet. Vi møter losdottera Kristiane, som nett har mista mannen sin, Anders, på sjøen. Ho sit att med ein liten son, og kjenner eit sterkt ansvar for å redde losretten til garden. Det ligg eit losnummer til gardane som driv med losverksamd langs kysten, og da både far og husbond er død, er det ingen som tenkjer at ei kvinne kan ta over. Men Kristiane har vore med faren på sjøen i mange år, og kan det meste om fiske og sjøfart, og om losing. Og da kvinner ikkje kan ta losbrev, må Kristiane gifte seg att, og valet fell på Lars, ein som ho har vakse opp saman med, men som slutta å gå i losgaren da mor hans hadde sagt at han burde kjenne sin plass i livet. Dei har gode kjensler for kvarandre.

Vi får god kjennskap til korleis livet er på Sunnmørskysten på denne tida. Fiskarane langs kysten har levert fisk i Bergen, der dei har fått meir for fisken enn i Ålseund. Men no har handelsmannen Rønnestad byrja å kjøpa opp fisk, og Kristiane klarer å fohandla fram høgare prisar der, slik at dei slepp å gå så langt når dei skal selje fisken. I Ålesund møter ho Fredrik, som ho fell totalt for, og han har same kjenslene for henne. Men ho veit at ho må velje Lars, for garden og losverksemda si skuld, så kjærleiken mellom Kristiane og Fredrik vert til hemmelege lyststunder når dei ein sjeldan gang møtes.

I denne romanen handlar det om klasseskilje og fordommar. Det handlar om tilhøvet mellom kvinner og menn i eit mannsdominert samfunn. Men det handlar også om samhald og kjærleik. Lett og godt språk gjer at boka er fort unnagjort. Kanskje også lett unnagjort da historia er forutsigbar og enkel. Eg har lese mange romaner med tilnærma likt innhald.  Men sjølv om det på mange måtar er ein "såperoman", sit den att i bakhovudet når du er ferdig. Eg likte boka!

Samlaget
2002
200 sider
Nynorsk

 

5 kommentarer:

  1. Denne fikk jeg lyst til å lese og jeg ser at dette er den første av i hvert fall to bøker etter hva jeg forstod. Temaene er interessante å lese om.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig. Vi leser den i lesesirkelen vår, så jeg er spent på hva de andre sier om den. Jeg prøver meg på den neste, tenker jeg.

      Slett
  2. Denne leste jeg da den kom ut, hvis jeg ikke husker feil. Jeg husker at jeg likte den, men mer enn det husker jeg ikke. Men så er det kommet til en mengde bøker i mellomtiden :-)

    SvarSlett
  3. Eg må ta å få lest bøkene til Trude Teige.
    Ho er i frå nabokommuna mi.
    Takk for omtale.

    SvarSlett
  4. Det er herlig med sånne bøker som sitter fast i hodet, såperomaner eller ei. Denne høres i alle fall fin ut :)

    SvarSlett