onsdag 24. juni 2015

Joakim Hunnes: Bøen. (Noveller)




Ei novellesamling som handlar om menneske som må ta vanskelege og tøffe val. Til dels brutale forteljingar, med mykje kvardagsrealisme.  Her er det einsemd, problem som ikkje vert løyste, alkohol, rus og kriminalitet. Menneska som novellane handlar om kjeier seg, og veit ikkje korleis dei skal leve livet sitt. Alle novellane tek for seg menneske i eit bygdesamfunn, og på ein måte heng dei saman, noko den siste novella viser oss. 

Vi møter ein mann som har mist alt og orker ikkje å leva lengre. Ein mann som har vakse opp med slosting og brutalitet, som ikkje klarer å løyse problem utan med vald. Ein mann henter ei postordrebrud, men ho passer ikkje inn, og han ender med flaska og det heile får ein trist ende. Ei ung jente forfører ein eldre mann, som ikkje taklar dette og tek livet sitt. Her er utruskap og elende på alle måter. Eg orkar ikkje å nemne alt, for eg må berre tilstå at dette vart for svart for meg. Skal eg trekke fram noko positivt finn eg det i novellen med boktittelen, Bøen l og ll.  Her er forteljinga slik at eg vert interessert i det som skjer, og klarer å kjenne på miljøet. I dei andre novellane sit eg berre att med ei ekkel kjensle av at det ikkje finns håp. Og fyll og sex kan eg lese om på anna hald, om eg vil. 

Javel, det er vel dette Hunnes ønskjer å presentere. Han skriv nøkternt og greit, og måten å formidla på er bra. Men som sagt, dette vart for håplaust og uinteressant for meg.

Eg er med andre ord ikkje samd med ellikkensbokhylle og tinesundal. som også har blogga om Bøen, og likte novellane.

Tiden forlag
2015
139 sider
Nynorsk
Lese som EbokBib

4 kommentarer:

  1. Kjempeflott omtale Åslaug, selv om vi ikke likte boken like godt, så ser jeg hva du mener med at den er trist og svart. Jeg satt ikke igjen med det inntrykket i det hele tatt, kanskje det var min egen mentale tilstand da jeg leste som gjorde at jeg ikke så det :) Gratulerer med dagen Åslaug!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gratulasjon! Klart at det har mye å gjøre med egen sinnstilstand hvordan vi leser en bok. Håper du har det lettere nå, Tine.

      Slett
  2. Har du bursdag i dag ? Gratulere !!
    Takk for koseleg besøk hos meg.
    I år vart bålet tent her, men i fjor var det så mykje vind at det vart utsett.
    Bålet var registrert og kontrollert av brannvesenet i kommuna.
    Så skjedde det store... Det vart ikkje meldt inn at det skulle tendast eit par helgar seinare, litt på sparket vart det tent for veret var fint, mange familiemedlemer til stede, berre glede :) Men gleda vart kort, her kom det brannbil og politi med ulande sirener, frå ulsteinvik sentrum såg det ut som storbrann med fare for fleire bygningar..
    Jøye då. Det vart ingen straffereaksjon, men trasig var det.
    Kom på dette då du skreiv at dokka bål skal tendast seinare.
    Hugs å melde frå !
    Gode sommardagar vidare !

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for helsing! Vi skal gi Beskjed før vi tenner på!

      Slett