torsdag 13. august 2015

Veronika Erstad: Eg er så nær morgonen eg kan kome



Forlaget seier: "I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve - både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring - når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær."

Dette er ikkje ei diktsamling slik vi vanlegvis  finn dei. Her er det meir korte sekvensar, om lag som ei forteljing. Det handlar om tre element som på ein måte sett alt saman til eit heile; skogen, huset og naboen. Og sjølvsagt om ho som er forteljaren. Vi skjøner av enkle utsegn at naboen er ein eldre mann. Han kjem innom no og da. Det er ikkje direkte sagt, men det vert eit slags forhold mellom dei to. Han skjønar at ho slit med noko:

Han pleeie å seie at eg lek som ein sil. Ein blir sjuk av å halde det inne, seier naboen., du må fylle ei bøtte med tårer frå tid til anna. Kroppen min er stiv. Det er ikkje mykje nytte i eit hav på innsida av bringa, seier han."  
 I tillegg til desse er det ein rev som betyr noko for kvinna. Om ho er redd for han eller ønskjer at han skal vere der, er uvisst. Og vi veit ikkje om han berre eksisterer i fantasien og draumane hennar.
"I armane held eg reven. Han er enno varm, våt. Eg held revekroppen tett inntil meg. I skinet frå månen ser eg augo. Der lyset ikkje slepp ut."
 Når eg les dikt må eg kjenne etter om dette gir meg noko, da eg ikkje har grunnlag for å vurdera dei på annan måte. Og denne vesle diktsamlinga fengjer i alle fall. Det er ein samanheng som gjer at du må fortsette å lesa. Ikkje at det er så mykje handling, men noko med språket og formen som driv ein framover. Eg likte dette godt!" 


Samlaget
2015
65 sider
Nynorsk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar