mandag 7. desember 2015

Rune Belsvik: Ho som var så søt

Ho som var så søt av Rune Belsvik (Innbundet)


                                           


Berit nærmar seg 60 år. Ho har vore lærer, men er no uføretrygda. Ho er heime og steller for mannen, men livet er ikkje så lett for ho. Gamle minner trengjer på. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Eit stygt overgrep som får følgjer for korleis ho lever styrer livet sitt seinare.

Etter overgrepet er ho heilt åleine, kan ikkje fortelje nokon om det som skjedde.

" Gjekk ned til brua. Sto bøygd over rekkverket. Det var eit leven, klukking og sildring og djupe drønn, og små dropar som berre skvatt opp i lufta, og plutseleg hørte ho eit klynk i sin eigen hals. Ho heldt seg for munnen." 
 Allereie som ung jente vert det mykje vindrikking, og tablettar er gode når uroa vert for sterk. Og han som øydela for henne da ho var femten, vert hemna gjennom alle menn som ho bruker i ettertid. Tablettane, som ho heile tida må passe på å ha nok av, preger livet hennar no. Dei er det viktigaste i kvardagen. Ektemannen Jan, som er glad i ho, og som tok ho bort frå det hesblesande livet ho hadde, er ei god støtte. Men det tek tid før han ser kor langt ho er komen. 

Dette er eit sterkt portrett av ei kvinne, godt skrive og svært truverdig. Ei trist bok, men kanskje med eit lite håp om at tilværet kan snu for ho som slit med psyken sin. Det gjev ettertanke når ein veit at det er mange som vert skadd for livet når dei møter tidleg overgrep, og ikkje har nokon å fortelje det til.

Cappelen Damm
2012
171 sider
Nynorsk

1 kommentar:

  1. Denne boken har stått på leselisten min siden den kom ut. Det var godt å bli minnet om den igjen. En fin omtale!

    SvarSlett