tirsdag 28. mars 2017

Lars Mæle: Den stille flokken (Krim)




Lars Mæhle er ein krimforfatter som eg dessverre ikkje har lese noko av hittil. No veit eg at eg ikkje skal hoppe over bøkene hans heretter! Dette var bra saker. Dette er tredje boka hans om psykologen Ina Grieg. Dette er ein krim med bakgrunn i ein av dei mørke plettane i norgeshistoria. Det handlar om korleis tatrane og romanifolket vart behandla heilt fram til 1989! Rett og slett folkemord, etter FNs folkemordkonvensjon av 1948. 
Ein psykiatrisk pasient som tidlegare har vore valdeleg, har rømt frå lukka avdeling. Han vart kalla Den stumme, da han aldri snakka med nokon. Dagen etter vert dei to søstrene hans funne drepne, langt uti marka. Ina Grieg har tidlegare hatt sommarjobb ved Hagaheimen, som pasienten rømde frå, og vert tilkalla. Dette med bakgrunn i at ho var ein av dei få som hadda klart å få kontakt med han. Politietterforskar Hugo Fannrem har mist kona si, ho tok livet av seg sjølv for ein månad sidan. Han har vore sjukemeldt, og finn ikkje fotfeste lenger. No dukkar ein journalist opp og vil ha han til å sjå på ei mordgåte som vert forelda om eit par dagar. Det viser seg at det som no har hendt knytter saka attende til Svanviken arbeidskoloni i Eide i Møre og Romsdal. Hit vart tatrar og romanifolk tvangssendt for å lære å bli norske. Dei som protesterte eller hadde eigne meiningar, vart straffa med at dei tok frå dei ungane, og svært mange vart tvangssteriliserte. Ina Grieg og Hugo Fannrem må arbeide saman for å finne ut kva som har skjedd. 
Dette er tredje boka om psykologen og kickboksaren Ina Grieg, men som sagt første boka eg les. Eg liker bøker som har feste i noko som verkeleg har hendt. Alt i denne romanen er slik det var. Forfattaren har research i både bøker og tatranes eigne vitnemål, deira eigen historie. Ei trist historie som handler om hva som kan ligge bak kriminelle handlingar, og kva som gjer at mennesker går langt ut over den moralske grensa dei i utgangspunktet har. Ein kriminal etter min smak! Anbefales! Og så er den på nynorsk!
Samlaget, 2017, 361 sider, Nynorsk

4 kommentarer:

  1. Det ser ut til at dette er ei interessant bok. Eg har lest dei to føregåande og har denne på vent.

    SvarSlett
  2. Å så bra du "sier fra"! Jeg har lest de andre bøkene, og vil selvfølgelig lese denne også. Super omtale, nå gleder jeg meg!

    SvarSlett
  3. Høres ut som ein veldig spennende krim! Er ganske lei av at hovedpersonen i ei krimbok ofte er alkoholiserte menn, så pluss at hovedpersonen er kvinne. Og pluss for at den er basert på historiskehendelsar. Og ikkje minst pluss for at den er på nynorsk! Skrives opp på skalleselista.

    SvarSlett
  4. Takk for påminnelsen. Jeg har to av hans forrige bøker liggende, og de må jeg sannelig ta fram.:)

    SvarSlett