fredag 3. november 2017

Marit Tusvik: I hans armar (Roman)


Fra forlaget: "Han var ein komet. Og eg var forundra. Eg kjende meg oppspilt. Det kunne ha blitt med det. Med synet. Han såg ikkje meg. Men eg såg han. Eg kjende meg sterk. Vill og vakker. Eg visste at eg strålte.
Sofia er tjuetre år. Ho har slått opp med kjærasten. Ho vil vere fri. Så møter ho Frank. Han er femten år eldreEin vakker mann. Amerikanar, globetrotter, intellektuell. Han kan eg ha det litt moro med, tenker Sofia, og forelskar seg brått og inderleg."

Sofia er ei ressurssterk og kunstnerisk jente. Den flotte Frank tek ho med storm, skryter av arbeida hennar og fell inn i livet hennar på kort tid. Ikkje lenge etter har han kome med heile flyttelasset sitt, og ho merker at ho får mindre og mindre rom til seg sjølv og sine interesser. Små endringar i livssituasjonen hennar vert etter kvart store. Han sluttar å skryte av henne, det vert heller kritikk. Ho teiknar. Ho elskar det, men når ho tenkjer på det som arbeid forsvinn gleda. Han uttalar arbeid med stor kraft og nesten hånleg. Han manipulerer henne slik at ho kjenner seg utakknemleg om ho protesterer. Det var da så bra før, kanskje der snur att snart.
Etter ei tid flytter dei til eit gamalt hus på landet.
"Huset var stort og luftig med plass til alt unntatt menneske. Eg blei en prikk. Eg blei ein person langt frå byen. Langt frå venner. Langt frå dei vanlege butikkane. Langt frå jobben. Langt frå alt."
Ho unnskylder han, og tenkjer at ho er for kritisk. Men ho sysler også med tankar om at ho må gjere det slutt. Men da han vert sjuk og må opereast kjenner ho at ho må bli. Korleis går det med han om ho går no? Han blir sikkert betre å leva saman med etterpå. Sjukdomen hans fell tilfeldigvis saman med at far hennar vert sjuk og også ligg på sjukehus. Ho får vanskar med å velje kven ho skal vera saman med, men vert hos Frank. Men faren døyr etter operasjonen, noko som Sofia sørgjer djupt over. Ho skjønar ikkje korleis ho kan halde fram saman med Frank, som er sjølvoppteke og krev at ho er der heile tida.. 

"Han måtte ha fred. Eg trong lydar. Eg kjende meg trøytt. Trøytt av å liste meg rundt. Trøyttheita  var som ein orm. Den vreid seg rundt inni meg. Plaga av forakt og sjølvforakt."
Dette er ein gripande, reflektert og sanseleg roman om korleis forelsking gjer blind. Når synet kjem attende har mørket og nedbrytinga allereie ført til skader som ein må leva med i etterkant. Ein vert godt kjent med dei to hovudpersonane, Sofia og Frank, og kjenner korleis sinnsstemninga mellom dei endrar seg etter kvart som tida går. Sofia ringer mor si når ho er langt nede, men klarer ikkje å seie direkte kor ille ho har det. Men mora seier at ho må gå frå han, ho skjønar kva som skjer.

I hans armar er ein roman om eit tema som mange har teke opp. Men Marit Tusvik har klart å
skrive ei bok som er eit godt tilskot til desse romanane. Ein roman eg likte godt. Eg slepper ikkje Sofia så lett, tenkjer på ho og andre som er i same situasjon. Mange bør lesa denne.

beathe har også lese boka. Les gjerne hennar grundige omtale.

Oktober forlag
2017
262 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

1 kommentar:

  1. Jeg har lest flere bøker med denne tematikken,ofte har jeg blitt så forbanna på disse kvinnene som blir i slike forhold ( Ja, nå er det sikkert lett å stå på utsiden og tenke hva andre bør gjøre)men Sofia fikk jeg veldig medfølelse for. Kjekt å høre at du likte den,Åslaug og tusen takk for link.

    SvarSlett