lørdag 17. februar 2018

Carl Frode Tiller: Begynnelser (Roman)



Begynnelser har tidlegare vore spela på Trøndelag Teater som teaterstykke, der også Motorpsyco deltok med rå musikk. Ei stor opplevelse. Seinare har Tiller utvikla dette til å bli denne utroleg sterke romanen.
Dette er ei dramatisk forteljing om livet til Terje, frå han var gutt til vaksen mann. Ei forteljing om ein liten gutt, sårbar og ømtålelig, mykje åleine i naturen, som han elsker ovper alt.  Han har ei søster, Anita, og dei to veks opp saman med mora etter at faren forlet dei. Ho drikk ein del, og dette går utover ungane. Ein dysfunksjonell liten familie. Terje vert oppteken av korleis samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet fungerer, og sorga over korleis vi øydelegg mykje av naturen. Som vaksen arbeider han med miljøsaker, og den sterke interessa for miljøet gjer at han ønskjer å formidle dette til alle. Han held lange, interresante foredrag om planter og dyr, særleg dei som er trua eller allereie borte frå faunaen vår. Men han meistrar ikkje å nå fram til politikarane, og vert bitter og i strid med seg sjølv og andre. Han er ein forknytt og fortvilt mann som slit med depresjonar.
Det spesielle med denne romanen er at den startar med at Terje har køyrt inn i ein motgåande bil, med vilje. Han ligg på sjukehuset og held på å døy. Så følgjer vi han i tjda bakover, steg for steg. Som vaksen, i samliv med Turid, som ungdom og som barn. Ei trist og sår familiehistorie vert avduka, og den sensitive guten utviklar seg til å verte ein vanskeleg og lite sosial mann. Ein mann som ønskjer å gjere det beste for sine nærmaste, men som samstundes vert reine drittsekken. Ein mann ein likevel kjenner sympati for.
Tiller  skriv svært godt, som vanleg. Det verkar så enkelt, utan vanskelege vendingar og utanomsnakk. Men det ligg så mykje bak kvar ei setning. Tiller har stor psykologisk innsikt, noko vi veit gjennom dei tidlegare bøkene hans. Han er ein meister i å skrive om den sosiale dynamikken mellom Terje og familien. Tilhøvet til mora og kona. Kva som kan vere bakgrunnen til at han har utvikla seg til den han er.
Dette er ein roman som sitt i heile kroppen når den er lese ferdig, og den slepp ikkje så lett. Carl Frode Tiller har enda ein gong skrive eit meisterverk. 
Aschehoug
2017
341 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib


3 kommentarer:

  1. Så kjekt at du likte denne, det gjorde jeg også. Veldig kjekt med større bokstaver på bloggen din :) God helg Åslaug!

    SvarSlett
  2. Jeg skulle virkelig ønske å kunne se denne boka dramatisert for teater! Likte boka svært godt selv, og Tiller er nok en av de største favorittene mine til BBP. Han kan det å fange meg i teksten hvor jeg blir aldeles oppslukt. Helt enig med deg, dette er (nok et) mesterverk fra forfatteren!

    SvarSlett
  3. Jeg slenger meg på og heier på Tiller, han skriver fantastisk!

    SvarSlett