lørdag 7. april 2018

Svanhild Amdal Telnes: Om nettene brukar mor dråpeteljar (Dikt)


Dette er ei svært sterk samling dikt.  Ho, som heite Anna, vender attende til heimen, og tenkjer at ho ikkje vil drøyme om kva denne heimen kunne romma. Her har ho vakse opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein far som støtta ho og broren, men som vart for veik.  Men faren døyr, og ho har ingen lenger. Broren har også svikta. Sjølv etter at ho treffer ein kjærast og flytter ut, heng minna så sterkt i henne at ho ikkje vil fungera. Ho ser attende på vonde minner, som gjennom eit polaroidkamera
Dette handlar om å leve med traumer etter ein barndom med svik, skam og sorg. Ho lever med minner, og er redd dei har prega ho slik at ho ikkje vert ein god omsorgsperson sjølv.  Men det er von i å flette nye korger, når dei gamle brest. Eg likte denne såre og talande diktsamlinga godt. Forfattaren har fått fram eit bodskap gjennom språklege, sterke bilete. Lenge sidan eg vart så fanga av språk og innhald som eg vart no. Ein flott diktdebut.
Her kunne eg gjeve mange gode smakebitar, men vel disse:  

Om nettene 
brukar mor dråpeteljar
i arbeidet sitt
Ho plasserer
små, salte perler
langs kinnbeina våre
Er det i fjøro ho finn dei?
Mor legg frå seg
dråpeteljaren og
tel timar til daggry.

I Firenze kjøper far
ein mortar av gå granitt.
Han seier:
Denne er til deg
jenta mi.
Han seier: Ein reiskap
du kan knuse minner med.

Idet bror min legg
hendene sine
rundt brysta mine,
spreier oska seg med vinden
og legg seg på fjerne fjell.

Når eg fortel deg om der eg vaks opp, er du med meg tilbake. Du held meg 
hardt i handa, leier meg rundt i helveteshuset, du sit saman med oss ved bordet.

Gjennom de fagre riker på jorden,
går vi til paradis med sang,
og ho trur på det.
Mor trur på paradis,
eg håper helvete finst


Gyldendal
2018
88 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib


4 kommentarer:

  1. Dette var en fin diktbok, synes jeg også.

    SvarSlett
  2. Nå har jeg fått denne i hus, og starter på den snart. I helga har jeg besøk fra Frøya så da blir det teater..og ikke fordyping i lesing.

    SvarSlett
    Svar
    1. Trivelig med besøk! Og bøker kan vente....

      Slett
  3. Ja,sant denne var bra?Håper at du skriver mer i fremtiden også.

    SvarSlett