mandag 7. mai 2018

Gjertrud Langva: Vi spring ikkje slik vi sprang før



Frå forlaget:
Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte, men kanskje er dei ikkje heilt åleine likevel.

Ei merkeleg og på mange måtar skremmande forteljing om eit søskenpar som er åleine. Vi får aldri vite kvifor dei er åleine. Kva har skjedd med foreldra? Alle klede og sko står i skapet som vanleg, ingenting har dei teke med seg. Dei to, broren og søstra, fantaserer om kva som har skjedd. Dei lagar historier, som eventyr, om foreldra. Dette vert som ei trøyst i kvardagene, Dei må ha mat, så dei fiskar, sanker sopp og bær for å overleva. Og bruker det dei finn av mat i kjellaren. Dei går alltid begge to når dei skal i kjellaren, da ingen liker å gå i ned dit åleine. Før har dei leika seg i naturen. No krev kvardagen noko anna. 
"Vi spring i skogen, men ikkje slik vi sprang før. Då vi sprang, tenkte vi på å springe og berre det. Når vi spring no, tenkjer vi på vårt neste måltid, kor kald vinteren kjem til å bli, og kva som skjer om ein snublar i ei rot eller verre. Vi spring ikkje slik vi sprang, og det kjem vi heller ikkje til å gjere. Skoa er blitt mindre, og det gneg i hælane når vi spring."
Tida går, og dei to, som ikkje steller seg lenge, blir både klelause og skolause. Lortete og ugreidde.  Etter kvart vert dei pressa til å finne andre måtar å skaffe seg mat på, og utan vaksne i nærleiken har dei ikkje moralske rettesnorer lenger. Det utviklar seg til å verte ein skikkeleg uhyggeleg forteljing, som vert meir og meir nifs og fjern frå verkelegheita. Eg kunne ikkje legge frå meg boka, men var på ein måte letta da ho var ferdig. Sjølv om det ikkje er ein klar slutt - her kan alt hende. 

Ein debutroman fra unge Gjertrud Longva som er både dystopisk og samstundes realistisk. Lurer mest på kva ho sjølv har tenkt om dette. Her er ikkje eventyret om Hans og Grete langt unna. Men skal ein væra realistisk, noko som ikkje er så lett, saknar eg bygdefolket, naboar og ikkje minst  skolen. Les gjerne og finn ut kva du tenkjer!

beathe har også lese boka, og har leita etter lys i tunellen. Det fann ingen av oss.

Samlaget
2018
152 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib
.

2 kommentarer:

  1. Ja,denne var fin altså! Og hun gir ingenting ved dørene her. Som du sier, det kunne vært artig og visst hva forfatteren selv tenker.

    SvarSlett