torsdag 10. mai 2018

Veronika Erstad: Av meg er det mange (Tekster)


"Det er ikkje huset og hagen i seg sjølv, det er kjensla eg får da eg kjem, sola er på veg ned. Alt har meining som gradvis blir borte, så sakte at eg ikkje legg merke til det, slik mørkrete kjem om sommaren."
Dette er dei første linjene i denne vesle boka. Korte tekster fordelt  på 67 sider, korte innblikk frå ei kvinne som kjem til ein ny plass. Ho er organist, og skal arbeide saman med presten. Han har dårleg haldning, men ei røyst som fyller kyrkja med varme. 
Når ho sit i klokketårnet og ser utover, kjem minner frå barndommen. Mora si inneslutta mumling i kjellaren under andre verdenskrig, den skarpe avvisinga hennar da ho spør om kjolen sit fint.  Ho hadde vore eit vakkert barn, som likte å leike. Men leiken bar eit alvor med seg. 
"Presten snakkar om det han eit, han snakkar i heile setningar med manga likningar, knyter det store underet til den litle kvardagen. Enkene sit og nikkar på første benk."
I fritida går ho til gravstaden og ser enkene som legg blomar på gravene.  Der møter ho ein mann som speler trombone ved ei grav. "Kom tilbake i morgon", seier han når han går.  Dei innleier eit forhold, men etter kvart må mannen reise. 

I tekstane til Erstad er hendingar frå  barndom, notid og draum blanda saman. Det er ei kvardagsforteljing frå ei kvinne som er einsam. Det handlar om å lengte å drøyme, og om å minnast.  Og om einsemd.  Det kunne vore mange andre si forteljing.
Eg likte denne vesle boka.

Samlaget
2018
68 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

2 kommentarer:

  1. Så fint å se at du også likte denne boken! :-) Lånte den som ebokb men vurderer å kjøpe den - bøker er egentlig best på papir.
    Ha en fin dag, Åslaug :-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, jeg har stor glede å lese anbefaling din av bøker...
    jeg leser for øyeblikket Knut Hamsun Markens grøde :-)) jeg har en bokutgave av 1918 med Fraktur skriving... glede å lese.
    Hilsen til deg fra Viola

    SvarSlett