mandag 11. juni 2018

Hilde Myklebust: Kvar ein fugl (Dikt)



Frå forlaget:

"Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender."

Det er ei glede å lese slike vakre dikt.  Oppvaksen på gard, kjenner eg minner strøyme på. Kjenner att kjensler frå ei tid som eg mest har gløymt. 
Her er dikt om natur, garden, arbeidet, folka der og om alt livet som alltid finst på ein gard. Blomar, fuglar, husdyra.

Natta føder dagslys
nedetter fjellsidene
Det siv inn i fjøset
der tunge dyr reiser seg
med vommene fulle
av ferdig avkom
Dei ventar på
ei rørsle i døra

Eg hektar  kroken
av og går inn
Frå dei varme kroppane
veltar det fram ein svolt
som dagen kviler på

Ho skriv om dyr som føder, lam og kalvar. Ho skriv om eigen fødsel og tida etterpå:

Berre minuttar gamal
kunne du skilje
hud frå klede
mjølk frå vatn
mor frå menneske

Men framleis vaknar du
om natta og sit fast i ein draum
du ikkje klarar skilje frå røynda
Du fektar og skrik
som då du vart skoren ut av meg
Eg føder deg på nytt i kvart mareritt
Eg held deg og seier kven eg er
Eg er mamma
Eg er mamma
Eg er mamma

Arbeidet på garden, ute og inne, til ulike årstider og onner.

Vasstrekte heser
i rader over markene
Salrygga lutar dei
i lengt mot bakken

Ein søt eim
av varmgått høy
når regnet stilnar 

Sola kjem
med mørke gule strålar
Dampen stig frå ryggane
som hestar etter arbeid
i klake jord
står dei
og vert til mold.

Og ho ser korleis andre kan oppleva sakn:

Ein gong var krigen også her
Ein soldat stogga på tunet
Auga var svarttrekte av lengt
Han lyfte opp vesle far min
og heldt han inntil seg
Kviskra fram ord på eit språk
alle fedrar og mødre skjønar:
Eg har eit barn eg har eit barn
eg har eit barn eg ikkje har møtt

Ei nydeleg samling dikt.  Denne kjem eg til å lesa fleire gonger. 

Samlaget
2018
51 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar