fredag 8. juni 2018

Jon Hjørnevik: Ikkje alle gjorde motstand under krigen (Dikt)



"Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente."


Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik har skrive ein kortversjon av "krigshistoria", gjennom disse dikta.
Her er det historier om folk som sliter med krig, på ulike område. Boka er delt inn i 6 kapittel, der overskriftene fortel om innhaldet. Til dømes Kapittel 1 som omhandlar Lunkrig, lynsjing og lyging. Her er mykje humor, bisarr og underfundig.
Her nokre eksemplar:

Hei, Hitler
Hei, Hitler,
for ein helvetes fyr
som starta ein krig
og sette alt over sryr.

Hei, Hitler,
du dreit eg godt ut, 
men ein gong var du
ein fin liten gut.

Hei, Hitler,
hei, stakkars deg,
ein gong gjell og du
på skuleveg.

Hei, Hitler,
du, kasta du stein?
mobba du
Ludvig Witgenstein?

Hei, Hitler,
eg er ikkje stuss. 
eg skulle rygga deg ned
med ein skulebuss.

Fredsfohandlingar og dialog
Du vil ha dialog
om livet generelt
du vil snakka saman,
om livet spesielt.

Du vil ha dialog,
om vår relasjon,
du vil ha dialog,
diskurs og diskusjon.

Du vil ha dialog,
om alt slags kjenslepjatt, 
du vil drøfta djupt,
du forhandlar dag og natt.

Du vil ha dialog,
det vil slettes ikkje eg,
du snakkar meg i senk,
i monolog du druknar meg .

Du vil ha dialog,
eit Guds helvete på jord,
du er kristenparlament,
eit digert hylekor.

Du vil ha dialog,
du slit meg mutt og tom, 
eg døyr av dialog,
men det må me snakka om.

Humor, ja. Men eg må innrømme at det er ikkje slike dikt eg likar best å lesa. Det vert for overfladtisk for meg. Skal ikkje kimse av enkel humor, for det treng vi også. Men kan tenkje meg at når forfattaren sjølv les, vert det noko anna enn å lese side  etter side med slike dikt.  Det er mi meining.

Samlaget
2018
Nynorsk
Lesarekemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar