onsdag 5. september 2018

Frode Grytten: Menn som ingen treng (Noveller) Lesesirkelen.

Menn som ingen treng

"Menn som kjører vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Menn med uvanlige kjønnsorgan. Einsame menn. Fredelige menn. Valdelige menn. Ærlige menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom. Menn frå Rjukan. Menn frå Lillestrøm. Menn frå Fyllingsdalen. Menn frå Warszawa. Menn i eit nytt og skrudd Noreg. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng."

Ti historier om menn frå ulike miljø, i ulik alder, frå ulike delar av landet - og utlandet.

Dette var verkeleg ei bra novellesamling. Frode Grytten kan dette. Dei ti novellene handlar om menn som ikkje er dei mest vellukka, men dei vert framstilt med varme og empati. Her er det alle nyansar av kjensler, frå håplause og desperasjon til kjærleik og håp om noko betre. Humoren ligg bak, det er ei glede å lese Grytten. Han gir oss eit tverrsnitt av norsk verkelegheit, og litt frå menn frå andre nasjonar, i Noreg.

 Ikkje lett å trekke fram ei novelle, da eg likte alle. Men "Mann 72", om han som køyrer seg bort i den norske vinteren, er ei sterk skildring av korleis han aldri vert kjent med snø og vinterføre, trass i 40 år i landet. Eg likte også "SK4609", ein novelle som er dyster og nedslåande, men skrive på ein særeigen måte. Her får vi innblikk i korleis det går med hovudpersonen, lenge før slutten av novella. Finurleg gjort. Slike overraskanda vendingar gjer at novellane vert enda meir spennande å lesa. 

Les Frode Grytten, du vil like novellane hans!

Forlaget Oktober
2016
245 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Er einig i at dette er ei god novellesamling.Ho treff det såre. Og ho treff midt i den offentlege debatten om menn som ingen treng. Menn som blir destruktive, som opplever at samfunnet ikkje treng dei, kvinner ikkje vil ha dei...

    SvarSlett
  2. Så gøy at du likte denne, jeg digger Frode Grytten og likte godt denne novellesamlingen. Heldige meg skal på konsert med ham i vinter, det gleder jeg meg til.

    SvarSlett