mandag 8. oktober 2018

Jon Fosse: Hundemanuskripta (Fortellingar) Bokhyllelesing


Jon Fosse har tidlegare gjeve ut dei tre Hundemanuskripta, kvar for seg. No er dei samla i ei bok. 
Den første  forteljinga, Nei og nei, handlar om hunden Websterr. Han lever eit roleg liv, utan bekymringar,  saman med gamle Oline. Han ligg i senga saman med henne, og  han er den einaste ho har. Men han har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr, ein som fartar omkring i skog og mark, fri og uavhengig. I draumen møter han ei lita hundemor med kvite krøllar.
Den andre forteljinga Du og du, handlar om ein gamal hund, Olav, som bur langt inne i ein fjord. Han har ein bestevenn , skogshunden Bård. Men ein dagmøter  han to fjonge byhundedamer.  Ikkje lett å vite korleis ein skal te seg saman med slike fine hundar.
Siste forteljing er Fy og fy. Skipshunden Haktor  er ombord på  fraktskuta Havsula samen med skipper Moreld. Labanen Einar er også på skuta, og han og Hektor liker ikkje kvarandre. Når skipperen vil skaffe seg ein hund til, vert Hektor missmodig. Den nye hunden er den store og knisete Lolietta., som tek over både matfat og andre goder frå Hektor. Livet er ikkje leveleg lenger, tenkjer Hektor.
Merkelege saker å lese. Men her er mange undertonar. Hundehistoriene kunne gjerne vore historier om menneske. Humoristisk og underfundig skrive på Fosse sitt  vis. Eg har lese denne vesle boka lett og greit, men sit ikkje att med noko til ettertanke. Boka er gløymd i same augeblikk eg legg ho frå meg.

Samlaget
2018
149 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

3 kommentarer:

  1. Blei litt nysgjerrig. Tekst av Jon Fosse som ein gløymer fort. Det har eg ikkje opplevd. Rett før eg må teste det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg har likt det jeg har lest før av Jon Fosse veldig godt, og det har gitt mye ettertanke. Men dette passet ikke meg. Ble kjedelig. Les og gi tilbakemelding om din mening! Artig å høre.

      Slett
  2. Jeg har lenge tenkt å lese Jon Fosse, men skal kanskje ikke starte med denne! Minner meg litt om boken jeg leser om Virginia Woolf, og boken Flush. Den handler om en hund, men har så mange undertoner :)

    SvarSlett