torsdag 4. oktober 2018

Kristin Auestad Danielsen: Vår vesle (Roman)

VÃ¥r vesle
Forfattaren av denne vesle boka er dramatiker, og Vår Vesle er sett opp som teaterforestilling på Det norske teateret i samarbeid med Dramatikkens hus. 
Vi møter ei kvinne, Mari, 30 år. Ho har gjort ferdig utdanninga si, ho har nett tatt ein mastergrad i kunsthistorie i Sverige. Og no flyttar ho heim, ned til kjellaren hos foreldra sine. Ho har aldri mangla noko, foreldra har heller skjemd ho bort. Men trass i denne bakgrunnen, er det noko som har vorte for mykje for henne. Vi aner at noko gjer henne nedstemt. Ho har hatt eit forhold i Sverige, som ho på ein måte ikkje har gjort seg ferdig med. Ho har opplevingar som sitt fast, ho slit med ei sorg. 
I første del av boka ser vi ho, vår vesle, frå foreldra si side. Dei er glade over å ha henne heime, vartar opp med godsaker som høyrde barndommen til. Men dei taklar ikkje heilt den svartkledde, tynne dottera med hendene allid i kåpelomma. Dei oppdagar at ho ikkje har betalt rekningane sine, men pengebruken er stor. Dei har alltid snakka godt om ho, framheva ho. No vert dei i tvil om biletet av ho er slik dei hadde skapt det. Dei vert usikre på henne. Dei kjenner ho ikkje. Mari har alltid vore fri til å reise, gjere kva ho ville, men ho har ikkje teke konsekvensane av dei valga ho har teke. Når ho no flytter heim, ønskjer ho kansje å verte lita igjen, å bli tatt vare på. Men dette fungerer ikkje i realiteten.
Seinare i boka ser vi Mari frå bestemora si side. Ho er død, i himmelen, men Mari snakkar med henne, ser henne. Bestemora følger med henne:
"Eg ser at ho er fri der ho står og vatnar basilikumplanten sin, det gjer meg glad. Eg ser også at ho strever, at hjartet hennar er i tusen bitar, det finst hjartestøv i alle hjørna i leiligheta. Så ho er vel ulukkeleg då, og det gjer meg øm der eg sit i stolen og ser." 
I den midtre delen av boka ser vi henne frå Håvard si side. Han er barndomsven, gift med Karen. Han ser ei bortskjemd jente, vakker og fristande, men han ser også at ho slit med seg sjølv. 
Dette er ei bok som handlar om eit ungt menneske som ikkje kjem seg vidare i livet. Ho har tilsynelatande alt, men har opplevingar med seg som trykker henne ned. Erfaringar ho etter kvart kjenner vert for sterke for henne. Foreldra klarer ikkje å sjå henne, dei er blinda av kor vellukka ho er som barn. Når ho veks bort frå det dei ønskjer for henne, taklar dei ikkje dette. Dei vi ha attende veslejenta. Eg tenker at dette er i aktuell bok, og eit aktuelt teaterstykke. Skulle gjerne sett det.


Samlaget
2018
152 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

3 kommentarer:

  1. Har boken liggende og etter omtalen din ser jeg enda mer frem til å lese denne :-) Jeg prøver å lese litt variert men merker at det blir mye norsk av året hos meg, men sånn blir bokhøsten.

    SvarSlett
  2. Kvar gong eg ser/høyrer om boka tenker eg på kor godt eg liker omslaget. Det er berre så flott. Fint å lesa litt om innhaldet òg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Helt enig. Flott omslag. Passer til innholdet også.

      Slett