torsdag 1. november 2018

Brit Bildøen: Tre vegar til havet (Roman)

Tre vegar til havet

Frå forlaget: 
Ei kvinne går ut til postkassa for å hente eit brev ho har venta på lenge. Eit brev som skal endre livet hennar. 
Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt.

Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. 
Det startar med fortellinga om tre kvinner og deira kvardag. Men etter kort tid skjønar du at desse tre er same kvinna. Ho er berre i tre ulike faser av livet.  Hovedpersonen er ei skilt, middelaldrande kvinne. Ho arbeider på ein ornitologisk stasjon ved kysten, der ho måler og merkar trekkfuglar. Ho er lite sosial, har berre hunden sin, som ho går daglege turar med. Ho oversett fransk litteratur og har vore lærar. Ho har nyleg vore gjennom ei livskrise i forbindelse med adopsjonssøknad, med avslag. Ho var 50, mannen 48. Staten meinte dei var for gamle og mangla ressursar for å ta seg av barn.
Boka er bygd opp med kapitlane Eksilet, Staten og Kroppen, der vi opplever kriseprosessen. Her vender kvinna tilbake til det som har hendt, ein tøff kamp med byråkratiet, der ho ikkje ga opp så lett. Vi les korrespondansen mellom  henne med staten. Ein sorgfylt periode, der ho til slutt blir hevngjerrig og ønskjer det verste for sakbehandlaren. Raseri og sinne fører til at ho kjem i konflikt på jobb og heime.
Ein svært velskrive roman, som handlar om at det er viktig å gi slipp på fortida for å kunne gå vidare. 


Samlaget
2018
156 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

5 kommentarer:

  1. Ja! Denne må jeg få lest!

    - Og så ble jeg så glad/spent da jeg skulte bort til venstre og oppdaget at du leser Kaldhol-boka. Håperhåperhåper du liker den like godt som meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sitter på kystekspressen og leser den siste historien nå. Merkelige saker!

      Slett
  2. Jepp,denne skal jeg få lest ganske så snart.Må bare få unna to andre romaner og en biografi om en langrennsløper først.

    SvarSlett
  3. Fikk lyst å lese denne også gitt, takk for supert tips i innspurten :)

    SvarSlett
  4. Denne har eg og lese, veldig interessant oppbygging med alle livsfasane om kvarandre.

    SvarSlett