onsdag 7. november 2018

Kroken og Kolden: Frosten og døden (Krim)

Frosten og døden
Da er dei to tøffe damene frå Lom ute med bok att. Det har eg venta på. For dette er krim som fell i min smak.

Det er kaldt i Lom, iskaldt! Temperaturen ligg opp mot minus 30. Ein mann er ute for å lufte hunden sin. Det er vakkert med rimfrost over alt og eit frostblått lys ligg over bygda. Han ser at det stig røyk frå huspipene, men oppdagar at frå ei pipe er det ingen røyk. Her bur Agnes Skarstulen, ei folkesky og mistruisk kvinne i femtiåra.  Han stussar, for ho er aldri ute. Etter å ha teke kontakt med naboane, om dei har sett henne, går han ned til huset hennar. Der finn han henne utanfor låven, drepen.

Lensmann Sylfest Seljestad og betjentane hans, Simon, Reidun og Jørgen, med god hjelp fra kommunikasjonsekespert Fredrik Ramm, frå Lillehammer, har lite å gå på, men må freiste å samle alle trådar for å finne ut kven som kan ha myrda Agnes. Det kjem fram at ho nyleg har vunne fleire millionar i lotto, så kanskje pengane har freista nokon? Har ho slektningar? Agnes vaks opp i Lom, men var borte frå bygda i mange år. Dei veit ho har streva med psyken, men ved å være så inneslutta og innestengd, kjenner ingen ho lenger.

Reidun og Jørgen har eit godt auge til kvarandre, men Thea Hovde, saksbehandlar i kommunen, er eit uroselement. Ho meiner Jørgen er hennar mann, og opptrer mest som ein stalkar overfor han. Dette påverkar heile lensmannskontoret. Det er mange i bygda som har hatt svin på skogen, men ingen passar inn som mordar. Den vesle bygda har lurt på kva som har skjedd med Agnes, men når eit nytt mord vert oppdaga, rystar det bygdesamfunnet. Denne gongen finn dei den døde på eit toalett midt i sentrum, på den kjende kafeen Brimibue. Midt på dagen, medan folk går ut og inn. Meisterkokken Arne Brimi er på kjøkkenet denne dagen, og må stille opp når lensmannsfolka kjem. Det var han som fann den drepte.

Dette er ein roleg krim, ikkje hesblesande og rå, men likevel held spenninga seg. Det vesle bygdemiljøet er godt beskrive, og menneska som bur her er lett å kjenne att. Trauste, utan å miste seg sjølve, midt oppe i ei kriminalsak. Vi vert godt kjent med lensmannen og folka hans, og dei er så ekte og overbevisande, at ein tykjer ein kjenner dei, Godt å vere borte fra storbyen, med sine problem, som mange kriminalbøker omhandlar.  Her er fine skildringar av natur og ulike mennesketypar, noko som dei to forfattarane har taket på. Ein krim eg gjerne ser at mange les.

Samlaget
2018
336 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

1 kommentar:

  1. Krim på nynorsk, ja takk :-) denne virker spennande, absolutt ei bok eg vil lese. Helsing Evy-Ann.

    SvarSlett