søndag 4. november 2018

Marit O Kaldhol: Mjølketannmuseet (Forteljingar)


Dette vart ei merkeleg bok å lesa.  Visste mest ikkje kva det var da eg las den første forteljinga. Her handlar det om kvinner som dreg ungane med seg etter håret, for å kome over det store havet. Dei kan ikkje svømme.  Ei anna kvinne er gravid, og føder ein fisk. Atter ei kvinne føder sju barn, som ho sett inn i hønsenettinbur. 
Andre får barn som er så stygge at foreldra ikkje vil ha dei. Ei kvinne førebur ein fødsel ved å laga ein kanal, og da ho føder er det eit egg som kjem, og dette skal renne ned kanalen og ut i sjøen.  Heilt abusrd! Nokre leitar etter ein stad der dei var for lenge sidan. Men no er alt snudd opp ned. Slik held det fram, gjennom 27 komprimerte historier.  Dyreriket er ofte med, og ei kvinne giftar seg med ein hund. Her er det barn, vaksne og dyr i ein salig blanding.

Men når du tenkjer etter ligg det meir bak desse surrealistiske forteljingane. Det er på ein måte noko kjent, trass alt. For vi lever i ei verd som er både grotesk og surrealistsik, der menneska etter kvart er redde for kva som kjem. Mødre kjenner at dei må flykte unna for å redde barna sine. Relasjonar mellom familiemedlemmar er sterke, men må også rivast ned. Barn må rive seg lause frå foreldre, leve eige liv. Veit ikkje om det er slik Marit Kaldhol har tenkt, men slik les eg det. Ei bok du må tenkje litt lengre på.


Samlaget

2018
129 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

3 kommentarer:

  1. Denne venter jeg på, og ser frem til å lese den. Har likt det jeg har lest av forfatteren før.

    SvarSlett
  2. Det var en fin lesing, og bra at du konkluderer med at det ikke fins noen fasit, men at forfatteren lar leseren gruble videre.

    Absurd, ja virkelig, men likevel ett eller annet som gjør det hele helt naturlig.

    SvarSlett
  3. Ikke godt å vite hva Kaldhol har tenkt, men at hun får oss til å tenke det er helt sikkert :)

    SvarSlett