torsdag 24. januar 2019

Erling Indreeide: Vi er presens . Artemisias diktutfordring i januar.

Vi er presens
Eg har lese eit par av dikta til Indreeide før, og valde ei samling av han som utfordrarbok i  januar. Tema skal vere Humor og glede. Se mer her: artemisiasverden

Samlinga, som er på 69 sider, inneheld dikt om livet og naturen, om tankar og tankesprang. Refleksjonar over små ting og om større. Og her er mykje humor. I fleire dikt er Victor med. Han er, i motsetnad til forfattaren, ikkje heilt sikker på språkbruken. Dette diktet er eit godt eksempel på det:
Ei luke i livet
Viktor har har i alle år tumla med planar om ei kombifelle
for ulv, røyskatt og sild. Eg har funne luka i livet, skriv han
ustø som han er i rettskriving, og eg ser han
stikke det skjeggete fjeset sitt
opp gjennom luka.

Mykje er rart, etter min smak, men mange av dikta sitt skikkeleg.
Som f.eks dette, som heiter
Mett av dagar
Eg las at Abraham døydde gammal og mett av dagar
og såg det så  tydeleg føre meg: Nei takk,
 nei takk. Skal det ikkje vere 
ein liten skvett og ein liten bit attpå?
Ei lita lefse kanskje? Nei takk, nei takk,
no er eg forsynt.

Eller dette, som og handlar om språk.
Verte verdig
Eg ville verte verdig
til å seie sumar. Vi sa sommar 
der eg var

frå barnsbein av. Sommar, sa vi,
sommar, vinter, vår og haust.
Men sumar var eit ord

med meir sol enn noko anna ord
eg visste om eg fekk den tanken
at eg kunne vere verdig

til å seie sumar. Men allereie då sumar
vart klammerform i 1959, skjøna eg
at det ikkje klunne gå.

Det tredje eg tek med heiter 
Dagar kjem med ødsel sol

Som om teljarene kunne fri seg frå nemnaren
Som om finnaren kunne fri seg frå funna.
Dagar kjem med ødsel sol og det knitrar i lauvverket på treet av kunnskap
Som om funna skulle vere teljelege.
Som om nemnt er eitt og unemneleg noko anna.

Alt i alt ei vellukka diktsamling, skrive med mykje humor, men på ein underfundig måte, slik at det ikkje vert berre humor, men ein ser også alvoret bak.


Forlaget Oktober
2012
69 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket


 



3 kommentarer:

  1. Flotte dikt Åslaug! Humor med en alvorlig bak"tanke" er de aller beste, så disse likte jeg :)

    SvarSlett
  2. SÅ artig at du fant frem en helt, for meg, ukjent dikter.:) Underfundige dikt, ja, men fine og lette, lyse og litt artige:)
    Takk for artig bidrag.:)

    SvarSlett
  3. Mitt navn er Darci Lyne. Dette er en veldig glad dag i mitt liv takket være den hjelpen som Dr. Nosakhare har gitt meg til å hjelpe meg med å gjenopprette min ex-ektemann med sin stave av kjærlighet og magi. Jeg var gift i 6 år, og det var så forferdelig fordi mannen min var virkelig juks og leter etter skilsmisse, men da jeg kom over Dr..nosakhare-e-post på internett om hvordan han har hjulpet så mange mennesker får deres ex tilbake og hjelp fikse forholdet og gjøre folk lykkelige i forholdet deres. Jeg forklarte situasjonen min, og da søkte jeg hans hjelp, men til min største overraskelse fortalte han meg at han ville hjelpe meg med mitt tilfelle, og at jeg nå feirer fordi mannen min helt har forandret seg til det bedre. Han vil alltid være ved min side og kan ikke gjøre noe uten min nåtid. Jeg nyter virkelig ekteskapet mitt, hva en flott feiring. Jeg vil fortsette å vitne på Internett fordi Dr..nosakhare er en sann spellcaster. TRENGER HJELP? TA KONTAKT MED
      -Email dr.nosakhare @ gmail.com
    Du kan også legge til ham på Whats-app: 2349083639501
    Han er det eneste svaret på problemet ditt og gjør at du føler deg glad i forholdet ditt. Og det er også perfekt i forholdet ditt. 1 kjærlighet stave 2 VIN EX BACK 3 FRUITS OF THE WOMAN 4 PROMOTION DEPELLED 5 spell av beskyttelse 6 spell av virksomhet 7. kontroller din partner * Få tilgang til partnerens hemmelige liv og passord til hans skap og telefon

    SvarSlett