mandag 7. januar 2019

Susanne Skogstad: Svartstilla (Debutroman)

svartstilla

Denne boka er debutromanen til Susanne Skogstad. Ein svært vellukka debut, meiner eg.

Det handlar om å verte gamal, å sitje att som enke etter eit langt samliv. Ho sørgjer, og sorga kallar ho svartstilla. Ho tenkjer attende på første møtet med han ho har vore gift med. Ho var aude og tom på den tida. Ei djup mørkne var over ho. Ho var i svartstilla. Så kom han som opna for lyset.

" Eg såg deg, tenkte kanskje mindre om deg.
Tenkte at du var heilt vanleg.
At du var slik som alle andre.
Kanskje var du det.-
Men så var du ikkje det.
For lite visste eg at du var større enn livet.
Og lite visste eg at du skulle bli min sumar."

Etter at ho vart enkje sit ho stur og berre minnes. Ho se mannen i alt. Ho forfell både i kropp og sinn. Dei tre vaksne barna kjem for å hjelpe henne. Ho ser at sønene er svært lik faren, noko og både liker og ikkje liker. Dei vert framande for ho. Dei vil gjerne at ho kjem inn på ein aldersheim, saman med andre der ho ikkje vert sitjande heilt åleine. Den eldste sonen Jon vil byrja å rydde bort "skrot" på loftet. Ho skjønar ikkje kva som er skrot. For i disse sakene ligg det berre gamle minner. For ho vert det ein invasjon, ei kringsetjing, ei fråtsing og ei plyndring. Men ho vil ikkje bort frå heimen der ho framleis møter han, mannen sin. 

Ho saknar at ingen snakkar om mannen hennar lenger. Ikkje barna ein gong. Det er berre ho som treng alle minnene. Det kjem fram at ho alltid har hatt eit mørke i seg, og at mannen hennar var den som opna opp for ho. Ho hadde tunge stunder seinare også, men han klarte å få henne til å sjå lyset att. 
Uroa i henne var sterk. "Sjølv ikkje når nervane låg nakne og såra uanpå huda og alt var det vondt og alt var det mørkt, og alle ting var i meg, og eg visste at alle ting skulle bli mi undergang". Ho tør ikkje snakke høgt om uroa. Men ho veit at han kjenner når ho er der. Han tvinger ho, uroa, i kne når ho vert for stor. Han tek barna med ut når ho ikkje orkar for mykje skrik og skrål. Når dei kjem attende kan ho vere kone, mor, være saman med dei.

Dette er ein nydeleg roman, ei sterk forteljing om einsemd og sakn når ein vert åleine. Det fortel om ei kvinne som har vore heilt avhengig av mannen sin. Han har vore humoristisk og lett, og har til alle tider klart å lyfte henne opp når ho har hatt sine mørke stunder. Han har alltid vore der for ho. 

Det er utruleg godt gjort av ei ung jente å sjå den gamle kvinna og sorga hennar. Susanne Skogstad  har eit poetisk og innhaldsrikt språk som gjer boka så inderleg vakker å lesa. Eg har teke til tårene fleire gonger. Ikkje minst fordi eg kjenner att så mykje gjennom eigne erfaringar med gamle foreldre som måtte bort frå heimen når alderen tok dei, og kroppen vart for skral. Dette er ikkje lett, verken for foreldre eller barn, som må ta vanskeleg avgjerder i slike situasjoner.

Eg håper at mange kan lesa denne gripande boka. Eg ønskjer å nominere den til Bokbloggerprisen.



 Agnestine og beathe har også skrive positivt om boka

Gloria forlag
2018
155 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Godt skrevet av en imponerende god debut. Spesielt god syns jeg hun er til å få frem følelsen av tomhet, tomme hender, et liv uten håp og mening. Videre skriver hun om en gammel kvinne på en måte som gjør at jeg glemmer hvor ung forfatteren er. Jeg TROR henne.

    Jeg er absolutt ikke fremmed for å nominere denne til BBP :-)

    SvarSlett
  2. Enig med deg, dette må vi kunne kalle en brakdebut :)

    SvarSlett