torsdag 14. februar 2019

Edvard Hoem: Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren.(Roman)


"Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida. "

Handlinga er for det meste lagt til første halvdel av 1800-talet, ei tid da det var stor skepsis og direkte motstand mot jordmødre. Det låg mykje ukunne bak og føredomane var mange. Noreg var for 200 år sidan eit fattig land, folk døydde av svolt, og pengar til jordmorløn vart vanskeleg for mange.

Marte Kristine Nesje var tippoldemor til forfattaren, og han har skrive ei historie om ei sterk kvinne med mykje vilje. Ho vil verte jordmor, og går skule hos ein lege i Molde. Men folk godtek ho ikkje, og ho vil reise til Chriatiania for å gå jordmorskolen der. Dette tok ni månadar, og må gå begge vegar. På denne tida er ho gift med barndomsvenen Hans, og har tre barn. Ho møter mange utfordringar på vegen fram til å verte ei akseptert jordmor, men ho står støtt i meir enn femti år.

Den vesle husmannsplassen Blåhammaren er heimen til den store familien. Her følgjer vi
Marta Kristine, i slit og armod, men også i lykke saman med familien sin. Far hennar, Anders, er ein god støtte for henne i alle dagar. Dei liknar kvarandre, sterke og handlekraftige.

Utfordringane var ikkje berre i høve bygdefolket i det distriktet ho arbeidde, men også heime. Hans var ute i krigen mot svenskane før dei gifter seg, og har hatt opplevingar som sitt fast i han. Det ligg til familien å ha dårlege nervar, og Hans slit med sår på sinnet. Dette vert tøft for Marte Kristine og etter kvart dei 11 barna deira. Med dårleg økonomi og ein mann som lett tek opp nye lån, vert lagnaden vanskeleg for familien. Det er ikkje lett å halde fast ved den store kjæleiken når det meste buttar imot.
Som vanleg skriv Edvard Hoem levande og gripande om menneskeskjebnane på 1800-talet. Vi får eit godt innblikk i tilhøva langs Romsdalsfjorden på den tida. Ei vakker slektshistorie, ein vakker roman.


Forlaget Oktober
2018
Nynorsk
Lese på eBokBib 

4 kommentarer:

  1. Jeg har lest de tre første bøkene om Hoem-slekten, og skal lese den fjerde. Men også disse bøkene fikk jeg lyst til å lese, det er både interessant og spennende innsikt om livet før :)

    SvarSlett
  2. Virkelig fin skildring om både en sterk kvinne og samtiden. Eneste jeg savnet var litt mer om selve vandringen til og fra hovedstaden.

    SvarSlett
  3. Takk for fin omtale.
    Eg har boka liggande, klar for lesing.
    Så fint namn på barnebarnet ditt, Ask. Det er så mange
    nye fine namn no.
    Ha ei fin veke vidare.
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett