mandag 4. februar 2019

Elena Ferrante: Frantumaglia . Tankar, brev og intervju

FRANTUMAGLIA


Denne boka er ei samling brev og tekster som Ferrante har samla over lenger tid. Her er fleire intervju med journalistar frå heile verda, der ho via mail svarar på spørsmål. Her er brev att og fram frå forleggarane hennar.  Alle spør om kvifor ho ønsker å vere anonym, og ho svare at "grunnen er eit litt nevrotisk ønske om å ikkje bli nådd. Å skrive er eit hardt arbeid som rører ved alle punkt i kroppen. Når boka er ferdig, er det som om å ha blitt respektlaust ransaka, og ein ønsker ingenting anna enn å bli heil igjen, gå tilbake til det å vere det mennesket ein vanlegvis er, i det ei gjer, tenker, seier, og i relasjonar. Dessutan er boka offentleg, der finst alt som er å seie, kven bryr seg eigentleg i dag om den som har skrive boka? Det vesentlege er å skrive."

Ho er svært oppteke av kvinners rolle i samfunnet, og minner frå barndom og oppvekst iblanda fantasi og førestillingar, har påverka det hos skriv. Ho fortel om opplevingar med innesperring og angst, skuld og uskuld, og morsbinding. Smerte er eit viktig tema i bøkene hennar. Mor hennar ga ho ei beskriving av "korleis det er å verte martra av motstridande inntrykk som trua med å rive henne i filler".Det var Frantumaglia, eit dialektord. Frantumaglia kunne gjere henne svimmel og gir jernsmak i munnen. Det er særleg i bøkene Kvelande kjærleik og Svikne dager dette er eit sterkt tema, men finst i alle bøkene hennar. 

I 2003 ga Ferrante ut bruddstykke av brev og essays ho hadde skrive, og dette kalla ho Frantumaglia.  Her er det brev og tekster der Ferrante skriv om korleis det er å være forfattar, og kvifor ho ønskjer å vere anonym. Ho skriv om korleis Napoli fungerer som ein "forlengelse av kroppen", og at menneska ho skriv om, gjennom språk og andre uttrykksfomer skildrer byen og fattigdomen der.  Saman med ei rekke brev og intervju som er gjort i ettertid, frå 2003 til 2016, er dette blitt til den boka eg har lese no. 

Ferrante er oppteken av politikk, uten å ha lidenskap for den. "Det er ein evig karusell av folk som vil sjefe, stor og små, vanlegvis middelmådige, ja, eg trur faktisk vi kan seie at den kjedar meg". Og ho har store aversjonar mot politikken til leiarar som Berlusconi, som ho seier er eit  narrespill. Ho undrast over korleis verda kan kopla det å vere ein kjend forretningsmann til det å vere ein dyktig statsmann. Han har brukt det mediet han har monopol på,  TV, som maktapparat og forvandle borgarar til å bli eit entusiatsisk, god truande publikum. (Min kommentar: Jfr Trump i USA!)
Gresk mytoligi har også påverka henne, og karakterane hennar er bygd opp gjennom kjennskap til mytologien. Dido vart ein rollefigur da ho skreiv om Olga i Svikne dagar.

Ferrante kjem fram med at ho har skrive frå ho var lita jente, og ho skriv hele tida, mykje meir enn ho gjev ut. Å skrive er er eit handverk som treng stadig øving. Og å skrive det useielege er oppgåva til litteraturen, seier ho. Det er eit krevande ansvar. "Ei historie begynner når grensene våre, ei etter ei, gir etter". Og vidare: "Det eg alltid har klart for meg, er at det skrivne aldri må miste målet om sanning av syne. Det er behovet for sanning, og ikke noko som liknar sanning, som definerer arbeidet side for side." Om eit avsnitt får falsk tone forkaste ho det. 

På spørsmål om ho har brukt eigne opplevingar i Napolikvartetten, seier ho at eigne erfaringar alltid er med og styrer skriveprosessen hos forfattarar, men ho vil aldri skrive i sjølvbiograftsk retning. Ho seier  at fiksjon er meir ladd enn verkelegheita.  

Dette vart verkeleg interessant lesning, og ga meg eit godt inntrykk av forfattaren bak disse fantastiske gode bøkene. Men eg må også tilstå at eg er nysgjerrig på kven ho verkeleg er. Mange teoriar er lanserte.

 Ferrante sjølv er tilhengar av berre eitt skriftspråk, og  difor ville ho kanskje ikkje likt at bøkene hennar er oversett til nynorsk (Jfr. Kristin Sørsdal i eit intervju med Morgenbladet). Men nettopp det gode språket og den nydelege bruken av nynorsken som oversettaren har brukt, har gjort desse bøkene til ei oppleving å lesa. Takk til både forfattar og oversettar!  

Samlaget
2019
435 sider
Nynorsk
Oversett av Kristin Sørsdahl
Lesarekesmplar

1 kommentar:

  1. Veldig spennende å høre at det finnes en sånn bok. Spekulasjonene går jo fremdeles om hvem denne forfatteren er, men i følge det du skriver er dette i alle fall en kvinne, eller...?
    For meg er en italiensk handling i en storby og nynorsk lite forenelig, så etter å ha lest den første boken i Napolikvartetten på nynorsk, tok jeg resten på engelsk eller lyd.

    SvarSlett