mandag 18. mars 2019

Kjartan Brügger Bjånesøy: Kjære pappa: vi er andre menn no (Sakprosa)



Dette er ei bok om livets gang. Fra barn til alderdom og død. Forfatteren bur saman med familien i Oslo, men dreg kvar sommar til ei lita øy på Vestlandet, til heimstaden der foreldra framleis bur. Her har ungane hatt fine somrar saman med besteforeldre, minner er skapt. Men denne sommaren vert annleis, da faren får ein hjerneblødning og vert sterkt redusert. Dette påverkar heile familien. Han som alltid har vore den sterke og aktive, aldri i ro, humoristisk og hjelpsam, sit no for det meste i ein stol og deltek lite i det som skjer rundt han. Kona hans slit med å finne seg i at han er blitt så passiv, ho meiner han har gjeve opp for lett. Ho vil at alt skal vere som før. Han resignerar.

Forfattaren kjenner at her er forankringa hans, her er identiteten. Familien, huset, øya. 
Han ser i album, minner dukkar opp, og han ser meir og meir kor lik han er far sin. Han får tankar om at faren ein gong var ung, med livet framføre seg. Han hadde ei framtid med draumar og planer. 

Boka handlar om generasjonar. Forfattaren ser attende på korleis besteforeldra levde, på foreldra sine liv, og no sitt eige. Han opplever at han ønskjer å kjenne meir til foreldra, særleg faren, no når han kan mista han.  Her er det vanlege kvardager som vert skildra, tankar rundt det å være son, men også far til eigne barn. Han reflekterer over ulikheter i sitt og farens liv.

" Far min har sagt at han følte seg vaksen då han 15 år gammal reiste til sjøs. 34 år gammal hadde han tre barn, stort hus, fleire kjeledressar og sprengte med dynamitt i hagen. På same aldre var eg nybakt pappa med ein vond musearm og strevde med å få det til å gro i blomsterkassa på ein takterrasse med plass til to på ein god dag."


Forfatteren skriv om kvifor vi er redde for eigen alderdom. Vi utsett å bli vaksne, vi vil vente lengst mogleg før vi tek ansvar, og så er plutseleg alderdomen der. Farens sjukdom opnar for refleksjon over kven ein ein gong var, og kven ein er blitt.  Ei bok som fekk meg også til å reflektera over eige liv, generasjonar før meg og dei som er etter meg. Enkel og ærleg bok om livet, rett og slett. 



Kagge forlag
2019
169 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar