fredag 26. april 2019

Lars Ove Seljestad:Snøen stryk ut alle spor (Roman)



Dette er ei trist forteljing, fortalt av ein tolvåring og mor hans. Ho miste mannen sin for eit par år sidan. Han var livet og støtta hennar, han hadde fått henne til å få trua på seg sjøl, etter ein oppvekst med omorgssvikt og overgrep. Ho maktar ikkje å vera mor for gutane lenger, ho ser dei ikkje, begrev seg i sorga og motløysa. Ho lever om natta, på fest med likesinnande. Om dagen ligr ho på sofaen i pillerus.

"No er ho, igjen, utan. Slik ho, innerst inne, alltid har visst at ho kom til å vera utan. Det er det ho er fødd til. Eit liv utan. Ikkje saman. Saman er til for dei andre. Ikkje for henne."

Tolvåringen må ta ansvaret for seg sjøl og lillebror. Han lagea mat, prøver å hoade reint. Han må prøve å gi eit godt bilde utad, da han veit at hvis barnevernet kjem inn i bildet vil han og broren bli skilt frå Kvarandre. Han har ingen venner lenger, dei andre gutane skygger unna. Han er utstøtt. 

No syklar han rundt med eit brev frå skolen. men han har ikkje lyst til å koma heim til mora med det. Han har ikkje gjort noko gale, men han skjønar at det er ei bekymringsmelding. Vi følgjer tankene hans der han sykler omkring. Han minnest faren, den sterke abeidsmannen. Han var så stolt av han. 
"Så enkelt alt var då far var risk. Far gjorde mor til mor. Far passa på mor. Mor passa på seg sjølv. Og begge to passa på han og bror. Dei hadde det bra. Var ein familie med far, mor og to brør som passa på kvarandre."

Dette vart ei  trist bok å lesa. Det er to taparar vi les om. Både mor og son. Arvesynd og omsorgssvikt. Eit tema som ofte er framme i litteraturen,  men som Lars Ove Seljestad har skrive vakkert og medrivande om, slik at du ikke så lett gløymer mora og sonen. Eg likte boka.

Aschehoug 
2019
100 sider
Nynorsk
Lese som eBokBIb

1 kommentar:

  1. Ja, virkelig en trist liten roman. Dessverre syns jeg det ble litt for mange _forklaringer_ underveis, og dette svekket helhetsinntrykket for min del.

    SvarSlett