fredag 2. august 2019

Asta Olivia Nordenhof: De enkle og det einsame. Artemisias diktutfordring i juli 2019



























Eg har leita for å finne noko aktuelt til denne utfodringa, og da eg ikkje har vore heime i heile juli, måtte eg gå attende til denne samlinga som eg har omtala tidlegare. Den er skreven av unge Asta Olivia Nordenhof, født i 1988. Ho er utdanna frå Forfatterskolen i Danmark, og vann Montanas Litterturpris i 2013 for diktsamlinga Det nemme og det ensomme.
Ho er samfunnsengasjert, og skriv om vald og sorg.
 
" Faren min døde i 2005, nå skulle jeg miste moren min også. Jeg var ekstremt ulykkelig og gikk rundt med følelsen av fravær og lovløshet. Nå var det ikke lenger noen som kunne korrigere livet mitt, eller bekrefte det." 
Ho skreiv dikt, og ga ut samlinga i Danmark i 2014. Ho er sett på som ein viktig poet i heimlandet. Nordenhof har ei vanskeleg tid bak seg, med ein valdeleg barndom, rusbruk og psykiske vanskar. Ho seier at dikta hennar skal være ein trøst for dem som blir jaga og ei skjennepreken til dei som jagar.
Her er mange sterke dikt, om eg kan kalle det enkeltdikt. For heile boka er eit langt, samanhangande dikt.

Her er tre utdrag frå boka:

"eg hugsar ikkje når eg forsto det
at farfar banka dei alle saman
slik far min hugsa det:
kvar dag vente på valden og så vart det stilt
farmor kunne liggje på kjøkenet
som låg i direkte forelenging av gangen og var like smalt
eller ho kunne liggje i gangen
eklast viss det blødde frå henne, viss ein måtte tørke opp"

"sitje her no, ha vore seksten.
skulle ønskje mensen gjekk vekk
skulle ønskje ein ikkje vart kalla arrogant når ein seier ein ikkje vil ha barn
eg vil ikkje ha barn så fatt det
fleire liv å matre
eg har drepe ein kattunge ein gong
kasta den mot ein vegg fordi den ikkje ville ta imot barnebrystet mitt"

"Då vi sat og venta på at gjestane skulle kome, når nokon rørte seg over grusen i
innkøyrsla
det var ein som fortalde meg at du er død av overdose
det luktar av deodorant og smørjeost når eg tenkjer på at du ikkje finst
det var vennleg av deg at du vekte meg så varsamt om morgonen, det sit framleis i brystet mitt.
så åt vi kinder milk-slices på kjøkenet, slikkja smørjeost av halsen på kvarandre
så bar vi dei tunge ølkassene frå huset ditt til fakta, det var veldig strevsamt"


Det handlar om å vekse opp med vald i familien, om behov for ømheit, om sinne og indignasjon. Det handlar også om å miste foreldre. Nordenhof er innom samfunnet på godt og ondt. Forskjell på ulike samfunnslag. Rett og slett ei sterk samling dikt som må lesast sakte og gjerne ein gong til!

Samlaget
2017
54 sider
Oversatt av 
Anna Kleiva
Nynorsk
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar