mandag 23. september 2019

Anders Totland: Vintertonar (Roman)

Vintertonar
"Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom."
Den dagen forfattaren, Isak, like før jul får ein telefon heimanfrå om at han må kome heim no, og at det hastar, vekkjer det mange tankar og minner hjå han.  Dagbøkene til mora ligg på skrivebordet, han har planlagt å skrive hennar historie. Han har slite med denne forteljinga lenge, for det er noko som stoppar opp når han skal gå i djupden med stoffet. Han finn ikkje ut kven mora var.  
No skal han heim til faren, halvsystera Rakel og barndomsheimen. Allereie på båtturen merkar han kor framand han er her. Og heime i møte med den sjuke faren og dei andre som høyrer til der, må han sleppe fram minner som har vore borte i mange år. Han og mora reiste derifrå da han var seksten år.  Dei har ikkje hatt kontakt med faren etter den tida. Faren kom aldri etter dei då dei flytta.
 "Han må ha visst at skaden var for stor, at det var for seint. Hadde vel ingenting han kunne seia for å gjere det gdt igjen, verken til mor eller meg. Ingenting som kunne viska ut fortida."
Dette er ein tankevekkjande roman om korleis folk har heilt ulike minner om same hendingar, noko som kan føre til at dei tek avtand frå kvarandre på heilt feil grunnlag. Her er løyndommar og tankar om kva som er sant og usannt. Ei bok som er varm og kjenslevar, men også på mange måtar vond å lese.  Tårene var ikkje langt unna medan eg las. Ei bok eg seint gløymer.


Samlaget
2019
Nynorsk
Lese som eBokBib⠀

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar