tirsdag 22. oktober 2019

Aina Basso: Ungen



Aina Basso skriv sine romanar basert på faktiske hendingar, og det gjeld også denne romanen. Denne gongen med bakgrunn i ei barnedrapssak i Kristiania i 1901. Seks kvinner vart tiltala for å ha drive som "pleiemødre", der dei tok imot spedbarn for pengar, og etter kvart tok livet av dei, anten direkte, eller ved å vanskjøtta dei. Romanen er fiksjon, da Basso ikkje har funne stoff om kvinnene.

Vi møter dei to kvinnene Anna og Pauline, som kjenner kvarandre frå fabrikken dei har arbeidd ved. Det er ikkje arbeid å få lengre, så dei bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn. Det er stor fattigdom og naud i hovudstaden, og dei tener litt på dette. Ein dag møter ho ei som ho kjenner frå fabrikken, no står ho i fattiglemkøen. Anna tenkjer: " Noko må ordne seg. Noko må eg få til. Kunne ikkje få det slik som Hansine og dei andre i den køen. Slik som det skulle ingen ha det som ein gong hadde kalla seg eit menneske".
Anna og Pauline tek imot fleire spedbarn enn dei klarar ut med, og barna kjem snart i andre rekkje. Anna har hatt ungar sjølv, men berre ei lita jente vekkjer kjensler hos ho, elles bryr ho seg lite om barna. Trøytt og svolten er ho, og minner om fortida og kva som skjedde med eigne barn, gneg i ho. Samarbeidet med Pauline er heller ikkje det beste.

Dette er ei tragisk og trist historie. Anna hadde ein gong ei draum om brurekjole med kniplingar og blonder, eit eige hus, saman med han ho var glad i. Men han svikta da ungane kom, etter fødslar som mest tok livet av henne, brystbetennelse og tungsinn. Dette førte til desperate handlingar.  Naud og fattigdom gjer noko med mennesker, og synet på liv og død vert annleis. Empati vert fråverande. 

Aina Basso skriv levande og godt, og ho klarar å levandegjera den tragiske historia på ein truverdig måte. 

Samlaget
2019
265 sider
Nynorsk
Lesareksemplar frå forlaget 

3 kommentarer:

  1. Det er ikke mye medmenneskelighet å spore i denne romanen. Jeg likte den godt til tross for alt det dystre :)

    SvarSlett
  2. Denne boken gleder jeg meg til å lese, eller ser frem til, er et bedre uttrykk. For jeg tror det er vond bok.
    Takk for at du minnet meg på den :-)

    SvarSlett
  3. Jeg liker godt bøkene jeg har lest av Basso, så får prøve meg på denne også! Selv om det virker litt dystert.

    SvarSlett