mandag 2. desember 2019

Magnhild Bruheim: Avlyst på grunn av sorg (Ungdomsroman)

Avlyst på grunn av sorg

Eline er snart 16 år, og har vore saman med Jonas i 242 dagar. Ho har vore i USA på sommarferie, og når ho kjem heim viser det seg at Jonas har funne ei anna jente.  Og ikkje berre ei anna, men bestevenninna hennar. Ho opplever si første kjærleikssorg, sterkt iblanda sinne og frustrasjon. No skal ho byrja på vidaregåande skole,

Ein dag går ho tur i skogen, og går seg på eit telt. Der er det ein gut som ikkje ønskjer at ho skal fortelje at ho har sett han. Han er  avvisande og gøymer seg tydelegvis for nokon. Da ho seinare møter politifolk som leitar etter han, fortel ho ikkje at ho har sett han. Men Eline tek turen opp i skogen att, da ho gjerne vil vite meir om han.

Dette er ei forteljing om ungdom, kjærleik, sjalusi og hat. Men det er også ei historie om oppvekst i ulike miljø, om ulike bakgrunnar, og om vennskap og tilgjeving. Magnhild Bruheim har skrive mange romanar for vaksne og for barn og ungdom. Eg har lese eit par bøker av henne tidlegare, og liker det eg les.


Samlaget
2019
151 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar