mandag 6. januar 2020

Marit Eikemo: Hardanger (Noveller)


Denne novellesamlinga likte eg godt. Alle novellene fengsla meg, og eg kunne gjerne ha lese meir om personane i dei.  
Vi møter ei kvinne som vil vise dottera på femten, som berre sitt med mobilen, stadane ho vaks opp i. Hardanger på sitt vakraste. Når ho fram?
Her møtes tre mennesker i eit skur på kaia, siste ferga er gått. Kvifor ikkje dela ei flaske og mimre? Vi møter to naboar som skal selge sider til eit selskap som kjem til  hotellet i bygda. Ei humoristisk forteljing!  Vi møter ho som skal være vegvisar på Dronningstien, der dronning Sonja går om sommaren. Ho opplever at grunneigaren, som ho går saman med, er ein annan enn den ho kjende frå før. Talkshowdronninga handlar om ho som flytte frå bygda og aldri kom att, men vart kjendis og kjem endeleg att for å delta på eit show i heimbygda.

 I alt er det 10 noveller i samlinga. Alle handlar om mennesker som har tilknytting til Hardanger. Nokon bur der, andre har flytta ut, nokre kjem heim att. Det handlar om relasjonar mellom mennesker, dei nære, men også dei som høyrer bygda og byen til. I nokre av novellene kjem dei same menneska attende, slik at dei knytter historiene saman. Her er mykje alvor og også triste saker, men også underliggande humor. Som vanleg skriv Eikemo slik at vi ønskjer meir. Ho får oss til å tenkje over kvifor dei vi les om opplever si histore slik dei gjer. 

Samlaget
2019
172 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Enig med deg, denne er så bra og alt for kort :)

    SvarSlett
  2. Jeg har sett at mange leser denne, og jeg er veldig glad i noveller. Så den står på leselisten. Jeg har utsatt den fordi jeg har oppfattet den som trist. Men planen er å lese den ... :-)

    SvarSlett