søndag 10. mai 2020

Magnhild Bruheim: Svart arv (Krim)

"Svart arv - kriminalroman" av Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim har skrive ein bygdekrim med arveoppgjør som tema. Ikkje uvant at slikt kan føre til komplikasjonar.

 Sjur Tveit, som nettopp er skild frå kona, bur i ei lita leilighet med lån, og betaler bidrag for dei to sønnene sine. Så dukkar ei ukjent kvinne opp og kan fortelje at ho er tanta hans, og at han har utsikter til ein større arv. Sjur har ingen minner om ein far, og kjenner ikkje til familien på farsida. Mor hans gifte seg med faren i 1962, men av ein eller annan grunn rømte ho på bryllupsdagen, og fortalde aldri om faren. No kan tanta fortelje at farmora hans nettopp er død, og at testamentet snart skal gjerast kjent. Sjur reiser difor til bygda og garden Mollerud, nysgjerrig på kva dette kan vere. Dagen etter blir ein kvinne i familien funnen drepen. Sjur oppdagar snart at familieforholda er heller dårlege, fulle av hat og ondskap, og det ligg mange løyndommer skjult i historia deira.

Lensmann Mons Strand etterforskar saka. Han kjenner bygdefolket godt, og særleg er tilhøva på Mollerud kjent sak for han. Men denne gongen vert han sjølv involvert.

Ein krim eg likte godt å lese, ikkje altfor spennande, utan blodige drap, men med intrigar og undrefundige sprell. Og ein slutt som overraskar. Dette er fjerde roman med Mons Strand i hovudrolla, og eg har tenkt å lese fleire av dei.

Samlaget
2001
354 sider
Nynorsk
Lese som eBokBib

2 kommentarer:

  1. Hørtes interessant ut, fant den på eBokBib her i Bergen også, så kanskje jeg hiver meg rundt, når jeg har lest de to jeg allerede har lånt :)
    Ha en fortsatt fin kveld på vakre Smøla!

    SvarSlett
  2. Noen ganger er det godt med krim som ikke er for makaber. Og underfundige sprell er bra. Du selger inn forfatteren og boken godt. Fristende!

    SvarSlett