tirsdag 5. mai 2020

Marit Kaldhol: Ta først på di eiga maske (Roman)

Ta først på di eiga maske: roman
I denne gripande romanen møter vi Rut, som arbeider i eit gartneri. På ein fest møter ho Chilenske Luis, som har flykta frå landet etter attentatet mot Allende i 1973, og dei to vert etter kvart kjærastar. Men Luis er rastlaus, rotlaus, og kjem ikkje over opplevingane han hadde i Chile før han flykta. Han kan i lange periodar vere borte, saman med venene, som kom saman med han til Noreg. Rut veit aldri når han reiser eller kjem. Sjølv miste ho ein bror da ho var seks år. Etter dette vart mora borte frå ho. Ho gjekk inn i eige sorg, og såg ikkje den vesle jenta si. Rut leiter etter forteljingar om mora, som no er død.
Luis fortel grusame historier frå Chile, og er svært oppteken av politikken der. Ein dag reiser han til heimlandet, men skal koma ettende til ho. Han kjem ikkje att, og breva mellom dei tek slutt. Og så kjem brevet om at han er borte.

Rut finn til slutt eit anna liv, og ho får dottera Rakel.  Men ho forlet ekteskapet medan jenta er lita.Ho har eit stort ønskje om få sjå Chile, der Luis var ifrå. Ho har aldri gløymt han. Tilhøvet mellom Rakel og ho er turbulent, og Rakel sier at det er greit at ho reiser.

I Chile reiser ho rundt og oppsøkjer museum og folks om opplevde dei voldelege handlingane etter at Pinochet overtok makta i landet. Ho møter kvinner frå Calama, som leita i ørkenen etter ein far, ein bror ein mann. Ho høyrer om Caravana de la Muerte, dødskaravanene, Men ikkje mange vil fortelje, dei vil gløyme. Vi følgjer Rut på ferda i Chile, medan ho får meir og meir tankar om korleis Rakel har det heime.

Ei velskreven og vakker forteljing. Marit Kaldhol skriv bøker som fengjer deg,

Samlaget
2020
285 sider 
Nynorsk
eBokBib

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar